Eigar av alle foto:  Knut Hustad

Dei jobbar raskt på Bjørke- i mars starta arbeidet, i midten av april var første del av marinaen ferdig utbygd og tilhøyrande sørvisbygg kome på plass.

Bjørkeområdet 035 copy
Den nye Bjørke Marina ligg vakkert til ca. 50 meter utanfor kraftverket til Tussa.

Styreleiar Kjetil Rørstad og salssjef Jarle Myklebust i selskapet som eig Bjørke Marina er godt nøgde så langt.  Enno har dei ikkje gjort store salsframstøyt, men likevel er 30 av 42 plassar i første utbyggingssteg selde, fortel dei to.  Men potensielle kjøparar av båtplass treng ikkje uroe seg, seier Jarle. - Gje oss ei veke og vi har ytterlegare 42 plassar klare.  Grunnarbeidet for neste utbyggingsteg er nemleg ferdig, opplyser Jarle til hjorundfjord.no.

Bjørkeområdet 037 copy Bjørkeområdet 042 copy
Ein ny og fin marina ligg vakkert til under Storhornet på Bjørke.

Då det andre pinsedag ikkje låg så mange båtar i anlegget, har dette sjølvsagt samanhneg med at fleire nytta det fine vêret til å vere på sjøen, men også at fleire av dei som har kjøpt båtplass enno ikkje har teke plassen i bruk. - Nordfjordingar er nemleg ei god kundegruppe og dei ventar på at Kvivsvegen skal verte ferdig, seier Jarle og Kjetil.

Bjørkeområdet 060 copy Bjørkeområdet 053 copy
Foto til venstre:  Led-lys på kvart straum- og vasspunkt imponerer mannfolk, meiner Jarle(t.v.) og Kjetil.

Bjørkeområdet 044 copy
Marinanen ligg vakkert til, men det viktigaste er nok likevel  at vårherre har gjort det slik landskapet vernar dette området inst i Hjørundfjorden for vêr og vind.  I tillegg er hamna isfri året rundt p.g.a. kraftverket.

Kjetil garanterer at marinaen er isfri sjølv i dei kaldaste periodane vinterstid.  Det kan han gjere fordi ein på Bjørke har erfart at området er isfritt etter kraftverksutbygginga på 50 og 60 talet.

Sørvisbygget ved småbåthamna er bygd slik at også funksjonshemma kan bruke det.  Bygget har to like rom som har både dusj, toalett og vask.

Bjørkeområdet 065 copy Bjørkeområdet 067 copy
Kjetil Rørstad syner fram at dei  dusj og toalett er tilrettelagt for funksjonshemma.

Bjørkeområdet 071 copy

Knut Festø(t.v.) frå Volda er ein av dei som har kjøpt båtplass av Bjørke Marina.

Men noko offisiell opning har marinaen enno fått.  Det skjer laurdag den 25. juni klokka 1400 med pomp og prakt lovar både Kjetil og Jarle og legg til at folket inst i fjorden har fått ei viss erfaring i slikt noko gjennom m.a. tunnelopning og andre opningssermoniar på Bjørke siste åra.  Vi får ikkje vite kven som skal klippe snora, men det vert ikkje nokon kven-som-helst, lovar dei.

I det heile vert det store dagar - Midtsumarsblot på Bjørke - frå torsdag 23. juni til søndag 26.juni.    Der kjem sikkert meir om programmet også her på portalen, men det vert arrangement i Notanaustet i samband med dei Nynorske festspela, utstilling i Bakketunet, utstilling på bedehuset - Bjørke Kunst- og handverkskafe for å nemne noko.  Og Jarle Myklebust er ikkje snauaren enn at han på strak arm også lovar minst ei stor overrasking utover det som står på plakaten.