Kva er Christian Gaard?
Christian Gaard på Trandal vart opprinneleg starta av Frank Storeide. Mange meinte Frank var galen som bygde ein sjenkestad i ei bygd der det ikkje er vegtilknytning og meinte at dette aldri kunne gå bra. Men Frank gav aldri opp. Christian Gaard har vokse seg stor frå den spede starten, og er no ein populært reisemål med mange trufaste gjestar. Frank gjekk desverre bort tidlig i 2010 etter ein lang kamp mot krefta, men Frank si ånd lever vidare på Christian Gaard.

Daniel Storeide har teke over drifta av Christian Gaard og fører arven vidare saman med resten av familien.

 

Korleis kjem ein seg dit?
Mange kjem i eigne båtar og legg til i Christian Gaard si eiga hamn, men for dei som ikkje har båt sjølve er Hjørundfjorden sin eigen skyssbåt, MS Hjørundfjord eit godt alternativ, kanskje i kombinasjon med ferja?

 

Aktivitetar
Christian Gaard har mange aktivitetar gjennom året, med Trandalblues og skilsmissefestival med Sputnik som nokre av dei mest populære arrangementa. Trandalblues trekkjer spesielt mykje folk og i løpet av ei helg kan det være så mykje som 1000-1500 personar innom dørene. Trandalblues har tilogmed fått si eiga heimeside.

 

Arrangement i samband med Hjørundfjorddagane
I samband med Hjørundfjorddagane 2011 er det laurdag 4 juni klart for middagsbuffét og dans på Trandal for den som vil. Torill og Daniel saman med resten av Christian Gaard ynskjer velkomne til ein kosleg kveld mellom mektige fjell og ei storslagen utsikt over ein av verdas vakraste fjordar.

Ivonne Kroken Ekremsæter som er sambuaren til Daniel lagar mykje god mat til middagsbufféten som startar kl. 18.00 og varer fram til 21.30. Etter eit lite opphald spelar trubadur Tommy opp til dans kl. 22.00 og vil halde på fram til stengetid.

Det er meldt om lettskya fint vér frå og med laurdag ca. kl. 12.00 og ut søndags kveld (Kilde: yr.no), så véret skulle ikkje setje ein stoppar for ein fin kveld.

 

For dei som ynskjer skyss til Trandal er det sett opp fylgjande avgongar:

 

4. juni 2011 - Middagsbuffét og dans

17.30

For dei som skal rekke buffét på Christian Gaard
21.00 For dei som berre vil på dans seinare på kvelden

Skyss til Christian GaardTrandal vert utført av MS Hjørundfjord.

Begge avgongar går frå kommunekaia på Sæbø

Om nokon har spesielle ynskje for skyss anbefalast det å ta kontakt med Oddvar Olsen på tlf. 94 80 66 06