Klikk på fotoa for å få dei i stor versjon. Alle foto: Knut Hustad.
Når ein går åleine på ein skitur vert det gjerne ikkje så mange skifoto - og i dette høvet er kanskje det det beste... Likevel startar eg med eit foto av Grøtdalstinden sett frå Lissjedalsida sidan det er fleire som lurer på om det enno er snø der. Ja, ber du ski og utstyr opp frå Holen og litt forbi Årskogstøylen (vel halv-timen), er det glimrande skiforhold - heilt til topps.
Grøtdalstinden(ane) sett frå Lissjedalshornet. Utsnitt av same foto til høgre. Raud strek syner siste del av ruta. Knutsrenna mot toppen kan vere hard - stegjarn/isøks kan vere god å ha om natta er kald.
Under kjem ein del foto frå området Keipen og Lissjedalshotnet.
Bondalen har visst fått klorofyllsjokk
BBC hadde nok likt vårvarianten også. |
Vestsida av Lissjedalshornet kan vere skummel for skifolket om vinteren, men er du utrygg, prøv no om våren.
Naturen sjølv tek seg av kunsten
Trimgruppa i Sæbø IL har sett opp trimboks. Ta turen.
No er det fleire som har hatt problem med å finne toppen av Lissjedalshornet, Fred Ingar Somby er ein av dei. I alle høve kan det vere klokt å gå nokre titals meter til - etter varden med trimboksa. Då vert utsikta betre mot m.a. Dalegubben.
Dalegubben ser du midt på fotoet.
Toppen. Største problemet her var vel å springe såpass langt på 11 sek med tunge plastsko...
liten, men tøff. Lynghalstinden til høgre.
Takk for laget. For ein skiløpar står no det kjekkaste att...
Nokre lurer på kvifor ein skal bere med seg tungt skiutstyr eit godt stykke no om våren. Til det kan eg berre seie at eg brukte ca. 10 min. frå toppen av Lissjedalshornet og ned til Årskogstøylen - inkl. eit par små pauser... Og du verden kor kjekt.
Hjørundfjorden og Norangsfjorden. Klikk på fotoet for å få det i stor versjon.
Kommentarar