Nelly Urke, tidlegare leiar i Urke Helselag, er glad for at tradisjonen med basar på Kristi Himmelfartsdag vert vidareført. I år heiter det Grendalagsbasaren og Nelly reknar med at det blir trangt om plassen, i år og. Dette til trass for at salen er utvida.

Basar og Brua-Parken 004

Nelly Urke

Basaren brukar, langt på veg, å vere ein 17. mai nr. to i bygda der mange med tilknytning stiller opp for å møte kjenningar og kose seg.

Eit viktig trekkplaster er eit stort antal gevinstar der mest ingen kan forlate huset utan å ha hatt flaks. Dessutan er det gratis kaffi ned kaker og ei brusflaske til kvar av ungane.

Basar og Brua-Parken 001

Det er trangt om plassen på basaren.

På Urke har ein eit sett av basarårar som er arva frå bedehuset og det ligg mykje fint handarbeid og omtanke bak desse årene i bjørk. Utanom åresal er det trekning av lister på dei største gevinstane.

Basar og Brua-Parken 002

Det er folketomt i Ramogarden gjennom vinteren, men når det er basar, leitar dei seg opp att og samlast rundt eitt av borda.

Nelly meir enn antydar at i år vil ho overlate leiinga av basaren til leiar i Grendalaget, men dette er visst nok eit spenningsmoment fram til basaren er i gang.

P1040375

Eldrid Øye er leiar i Grendalaget, men det er ikkje sikkert at ho overtek leiinga av  Grendalagsbasaren . Nelly Urke si erfaring med leiinga av Helselagsbasaren kan vere god å ta med?