Fullføring i Bøvika
Bade- og friluftsområdet i Bøvika ved Maude vart ikkje fullført i 2010 slik det var planlagt. Dei forventa tilskota som ikkje fullt ut kom på plass og kravet om toalett med allmenn tilpasning, var medverkande til at styret var i ferd med å legga restarbeidet på is – utan toalett og utstyr til stell og vedlikehald.
Denne boda, med kombinert toalett t.h. og redskapsbu, skal på plass i Bøvika i løpet av dei tre neste vekene. Dette er eit direkte resultat av opplysningar og lovnader som kom fram på årsmøtet siste laurdag.
I eit fire timar langt årsmøte laurdag vart det lagt fram dokumentasjon om ei innbetaling dagen før årsmøtet på kr. 30.000 frå Bjarne Klokks legat og ein ytterlegare lovnad om kr. 20.000 når behovet er dokumentert. Dette utløyste akklamasjon og lovnad om fullføring i Bøvika før sommarsesongen.
Val
Årsmøtet attvalte Eldrid Øye som leiar og med seg i styret får ho desse: Kirsten Berg (ny), Øygunn Myklebust (ny), Nelly Urke (attv.) og Per Urke (attv.). Første varamedlem, Janine Berg (ny), møter fast i styret og til andre vara vart Heidi Gullstein (ny) valt.
Det nye styret i Urke Grendalag (frå v.): Øygunn Myklebust, Eldrid Øye (leiar), Nelly Urke, Janine Berg, Per Urke og Kirsten Berg.
Kåre Myklebust vart valt til revisor og valnemnda er slik: Kjellfrid Prestegarden, leiar, Kåre Jon Berg og Johan Arnt Leknes.
Arsmelding og reknskap
Årsmelding og rekneskap vart vedtekne med enkelte presiseringar. Utanom Bøvik-prosjektet , omtalar årsmeldinga m.a. fullføringa av Bruaparken, , venteromsdrifta på Leknes, arbeid med overtaking av Grendahuset frå Ørsta kommune, opp-pussing av Grendahuset, der det er utført eit formidabelt dugnadsarbeid , og stell av skuleplassen og kulturkveld siste sommar.
Andre årsmøtesaker
Årsmøtet gjorde vedtak om nye utleigesatsar for Grendahuset, fastsette at jonsokfeiringa skal skje både jonsokkvelden og i tillegg næraste helg. Juletrefesten skal vidareførast, medan Hjortefesten ved juletider skal arrangerast av jaktlaga i bygda, evt. i samarbeid med Norangdal. I sommar skal det ”nye” Grendahuset innviast under ei t trivselsarrangement laurdag, 6. august. Styret tek ansvar for denne tilskipinga.
Dette er berre eit utkast til plakat som skal fortelje om at det 6. august blir sommarsamling på Urke. Det kan vere greit å merke seg datoen!!
Kommentarar