Det er forfattar/pedagog/fjellmann Helge Standal som har sendt fotoet til Hjørundfjordportalen. Han veit ikkje kven personane på biletet er, men lever i håpet om at ein eller annan brukar av hjorundfjord.no kan hjelpe med å finne ut kven ein- eller fleire av personane på biletet under er.
Kven er dette? Er det nokon som også veit kva for årstal dette fotoet er teke?
Same fotoet, men meir kutta/zooma inn.
Fotoet skal vere frå toppen av Slogen. Stemmer ikkje det?
Kommentarar