Utan tvil - det var skyteshovet til Kenneth Aspestrand, tre gonger verdsrekordhaldar i trickskyting, som var det mest underhaldande under Norma si messe i Solliddalen i dag.  Det ikkje den karen kan med haglene sine, det er ikkje påkome enno.  Det å skyte ned åtte leirduer etter å ha kasta dei i lufta, er ingen problem for han.  Klikk her.

050 copy 054 copy
Fire leirduer med ulike fargar vert skotne ned - i den rekkefølgja publikum ønskjer.

Men før skyteshowet var det største poenget sjølvsagt å få oss jegerar til å fornye det alt for gamle og dårlege jaktutstyret. Og dei lokale skjeftelagarane GrodasRifleStocks fekk oss sjølvsagt til å forstå at skal hjorteplaga verte mindre må det nytt skjefte til.  Norma On Tour var visst interessert i å selje meir enn ammunisjon.  Og sjølvsagt var det råd å få prøve det meste av både våpen og anna.

Men attende til Kenneth Aspestrand - er forresten ikkje han ein sjølvsagt programpost for Hjørundfjorddagane 2012? Aspestrand greidde det kunststykket å få ei trebarnsmor til å stille opp - med bind for augo - med ein oppblåsen ballong i munnen. Ballongen skulle sjølvsagt skytast vekk, på 20 meters avstand, med hagle.  Eg vågar ikkje å nemne korleis det gjekk.

Men elles er det mykje det kan skytast på.  Sjekk under.

018 019
Skotet går av - og like etterpå har dopapirrullen i lufta tapt sin glans.

078 copy 081
Kveitemjølpose                                                                           Kål

084 copy 086 copy
Og korleis vil det gå om ein brukar hagle på ein melon?  Då vert det findeling...  Her må det nemnast at han kasta opp den tunge melonen med begge hendene, så tok han opp hagla, sikta og skaut.  Ingen tvil om  at det vart treff.

055 copy 046 copy
Eggkasting med påfølgjande nedskyting av egga var også eit populært innslag.  Til høgre ser vi ei trebarnsmor med ballong i munnen - før skytinga med hagle...

Og skulle  du no som jeger oppdage at du manglar noko utstyr til jakta, ja, då skal ein ikkje verte forundra om den einaste våpenforretninga i distriktet, Jeger og Fritid AS i Volda, har det meste...