Klovtinden
Det er enno nokre som lurer, men setrevegen/bomvegen inn Kvistaddalen er no open for trafikk. Prisen for å sleppe å gå 3 km ekstra når ein skal til Skårasalen er 30 kroner. Men i Kvistaddalen er det og andre toppar - prøv Klovtinden (ein av Rognestøyltindane). Du parkerer på den same parkeringsplassen, men gå ned til elva, til Årsetsetra. Her finn du ei bru. Raskaste vegen opp er å gå mellom Klovtinden og Kopphornet - her er og beste nedrensla - men du kan også gå opp på Nordsida av Kopphornet.
Skårasalen/Lisje-Skåradalen.
Mange satsar enno på denne turen - og turen til Skårasalen er ideell, men skal du renne ned til skår vert det ein del bering av ski. Sjå foto under.
På foto til venstre ser du Lisje-Skåradalen. Foto teke sist søndag, 1.5.11. Renn du ned på sørsida av dalen (høgre side når du renn nedover) må du truleg krysse elva. Det er litt komplisert.
På foto til høgre klargjer Jakob Hustad ski før nedrensla til Skår.
Her ser du kvifor så mange renn ned frå Skårasalen til Skår.
I desse dagar er raskaste turen til og frå Skårasalen om Kvistaddalen.
Vassdalstinden i Ørsta
No er det tid for Vassdalstinden. Vegen til Mossetra er endeleg opna. Truleg må du bere ski bratt opp til Bukkedalen, men deretter er det fryd og gaman.
Tre av dei store: Saudehornet til venstre, Vassdalstinden i midten og Skårasalen til høgre.
Slogen
Lysfontene, snakka Ari Behn om ein gong. Her er det Slogen som fungerer som slikt noko.
Slogen frå Langseterdalen er eit godt alternativ. (Frå Klokksida) Enno er det ikkje så langt å gå, men er det nokon som veit om det er råd å køyre fram til inntaksdammen no, eller er bommen stengd?
Henrik Andersen, fjellentusiast frå Oslo som er jamnt her i området for å få toppturar, var på Slogen no i påska. Som vi ser av fotoet hans er det enno godt med snø.
Trandalfjella
Trandaldalen med alle fjella, vert no oppdaga av fleire og fleire. I påska var det mykje skifolk i området. Blåbretinden er eit av mange gode alternativ. Er det nokon som veit om ein kan køyre langt framover dalen?
Eit godt alternativ er Nesdalen. Litt slakk tur til Tungremtindane, men utsikta derifrå er framifrå. Foto under. For den som likar utfordringar er Trandalhatten frå Nesdalen eit særs godt alternativ.
Henrik Andersen var på Tungremtindane i påska. Dette er hans og kameraten Thomas Thorjussen sine foto.
Kolåstinden og Nordre Sætretind treng vi vel knapt nemne? Det er no veg opp til Fladalen (ikkje bilveg) og bru over elva.
Grøtdalstinden?
Eit glimrande alternativ, men hald deg unna framsida/sørsida. Sjå filmsnutt under nyhende. Alternativet er om Lisjedalen/Årskogstøylen frå Holen. Men er det kaldt kan denne ruta vere hard/isete. Ta i så fall med nødvendig utstyr.
Dalen der nede under Trond Haugland er Lisjedalen.
Kvitegga
Denne toppen var vel på sitt beste sist helg, men enno er det ikkje så langt å gå til snø frå parkeringsplassen i grustaket. Råsa er merka frå veg til grustak, men går du bortover mot høgre frå grustaket treff du råsa.
På veg opp Snødalen. På foto til høgre ser du Norangsdalen i bakgrunnen.
Flott på 1717 m høge Kvitegga.
Kva skal vi samanlikne turen til Kvitegga med? Kanskje som å gå turen til Skårasalen - frå Kvistad? I alle fall - ein tur til kvitegga høyrer med.
Jakob (Hustad) mangla ikkje snø på Kvitegga-turen sist søndag. Det er stort sett slakt og fint terreng - for den som vil ha det.
Og ein ting er sikkert: Det er også mange andre gode alternativ til ein topptur komande helg.
Kommentarar
Eg har også fått vite at ein herre med 4-hjulstrekkar nyleg hadde køyrt opp i Fladalen v/Standalseidet. Eg tvilar likevel på at dette vil bli ein open bilveg - etter kvart.
Sist måndag kunne ein køyre heilt inn til parkeringsplassen i Kvistaddalen. Vedk. hadde vore på Klovtinden og kunne gå med ski nesten heilt frå Årsetsetra. Flott tur, men litt rufsete skiterreng eit stykke p.g.a. fonnbreen. Best å gå opp den brattaste vegen mellom Kopphornet og Klovtinden.