Generasjonskorpset har medlemer i alle aldre. Ein sosial gjeng som til vanleg synest pausene på korpsøvingane vert litt i kortaste laget. Ein skal då både prate og drikke litt kaffi. For å gjere dagens tur litt meir sosial for medlemane fekk vi MS Hjørundfjord til å frakte oss raskt og trygt inn fjorden.
Oddvar Olsen - kaptein på MS Hjørundfjord http://www.hjorundfjordskyss.no/
Båten har plass til dobbelt så mange som det er medlemar i korpset, så vi inviterte med oss andre som kunne ha lyst til å ta seg ein tur på fjorden.
Ola Hustad, Bodil Egset (med ryggen til), Ola Egset, Annlaug Standal, Ole Standal, Jorunn Mo, Liv Mo - med verdas vakraste fjord i bakgrunnen.
Vel framme på steinkaia på Bjørke vart vi henta med bilar og frakta opp til Haukly.
På Haukly har dei musikkverkstad der ungdom får musikkopplæring og får spele i band. Dei fleste var opptekne med andre gjeremål i dag, men Håvard Gjersdal Våde entra scena aleine og opna musikkaféen med to flott framførte songar.
Korpset fekk bruke musikkverkstaden sitt trommesett og det gjorde at det var mogleg for oss å ta båten innover i dag. Takk for lånet!
Korpset spelte i to avdelingar. Først eit roleg repertoar med vårlege melodiar. Etter ei matøkt og tid til å kjøpe tombolalodd var det ei ny økt med litt friskare musikkstykke. Forelska i lærer'n og temaet til Flåklypa Grand prix svingar det godt av.
Så mykje publikum at SFUL gjekk tom for kaffimat etter kvart.
Bernt Arve Hustad, klar for heimreise.
Jørgen, Fredrik og Lisabel brukar båten til symjeopplæring i Tussa sitt basseng på Bjørke og hadde med seg kortstokk for å korte ned det som for dei er ei kjend båtreise.
Nokre få av oss rakk så vidt innom husflidskaféen på Bjørke før MS Hjørundfjord tok oss tilbake til Sæbø. I år held dei driftige damene til i bedhuset på Bjørke og hadde hatt mykje besøk i dag.
For korpset gjenstår det no berre å undersøke om vi kan få lov til å spele på sjukeheimen ein ettermiddag og så tek vi ein lang sommarferie.
Kommentarar