Ein nær fullsett kyrkje på 326 personar hadde møtt opp til gudsteneste i Hjørundfjord kyrkje i dag søndag 1.mai. Dette er den store dagen til dei 12 konfirmantane i soknet dette året, og vårherre kunne ikkje velsigna oss med betre ver, enn det vi opplever denne dagen. Ein skyfri himmel i 15 varmegrader er, og har nok vore,  draumen til mange konfirmantar og familiane deire oppgjennom tidene.

Sokneprest Rolf Dyrhol hadde liturgien og dette er det andre konfirmasjonskullet han har, sidan han vart ordinert som prest i hjørundfjorden. Med seg hadde han organist Marie Mundal Austrheim, Klokkar Kjellaug Hustad, Kyrkjetenar Eldbjørg Tvergrov. I tillegg spelte Kine Håndlykken fiolin og Karen Eikrem song.

 

Konfirmasjon-2011-3

Då var den store dagen i kyrkja over for konfirmantane, og kyrkjelyden kjem ut på kyrkjebakken.

 

Konfirmasjon-2011-2jpg

Bunadskledde og ellers festkledde menneske samla seg utanfor kyrkja for å gratulere familie og konfirmantar. At 326 personar hadde teke vegen til kyrkja denne dagen, tyder at konfirmasjonen stend sterkt og er ein samlande familietradisjon.

 

IMGP0396_1

Konfirmantar Hjørundfjord 2011

Bak f.v:Aleksander Gulbrandsen Skogheim, Eivind Årseth Dimmen, Stian Andre Storeide Jørgensen, Kristian Straume, Henrik Mo, Olai Eikrem Riise, Glenn-Robin Hustad, Elias Myhre Holen

Framme f.v:Sunniva Boye Olsen, Hilde Iren Sætre Flatnes, Sokneprest Rolf Dyrhol, Martine Helen Follestad, Anne Thi Vasseth Håndlykken