Vallasetra og Mosetra.
Vi parkerte på Askjellhaugen og gjekk mot Engeset og oppover mot Nupen.
Det regna, men vi var godt vødde, så det gjekk bra.
Etter at vi kom forbi husa oppi i Nupen, kom vi på skogsvegen, der var det mangfoldigt og godt skilta.
Oppover langs vegen dukka det opp mange "trollske" figurar ,her er Haldis i selskap med ein.
Her er Alvhild med to skogstroll.
Kari fann ein rett elegant en.
Denne ser ut som ein eventyrfigur av eit ekte norsk folkeeventyrkvalitet.
Innst i Nupadalen var fossane store og fonnene hadde reve ned mykje skog.
Mykje godt vatn rett i "koppen".
Flott utsikt frå øvste delen av vegen på Nupasida.
"Pikene på broen"
Sjekk denne flotte kvileplassen med friskt vatn.
Denne hang på porten til den flotte paviliongen som du finn på Vallasetra.
Bodil, Kari, Haldis og Alvhild med Vallasetra i bakgrunnen, vidare ser vi innover dalen mot Ørstaskaret.
Bildet er teke frå Mosetra.
Nedatt gjekk vi Mosida, etter ei kort stund langs vegen gjekk vi på råsa.
Fin tørr rås, med fuglesong og kvitveis.
Rett før vi var komne ned på Askjellhaugen måtte vi ha et bilde ved elva.
Og vi var alle einige om at det var ein lang men flott tur.
Takk for laget.
Her kjem lista over måndagsturane framover sommaren og hausten.
MÅNDAGSTURAR 2011
Dato turmål møtestad
23/5 Gamlevegen Villane
30/5 Høgenausa Aklestad
6/6 Olavshola Skiltet v.vegen på Hustad
13/6 Gunnar-råsa/ Storenakken Fonnvernet
20/6 Grøthaugen Moane
27/6 Valsetheida/Eitrefjellet Tvergrova
4/7 Vasstøylen/ Kvamsedalsreset v. bommen på Kvistad
11/7 Klokkura/ Tryvatna Enden av vegen på Stokkesida
18/7 Tua på Hustadneset Hamna på Hustadneset
25/7 Tua på Sæbøneset Øvste svingen på byggefeltet
1/8 Årskogstøylen/ Høgereset (naturfestival) Holebrua
8/8 Olavshola Skiltet v.vegen på Hustad
15/8 Gunnar-råsa/ Storenakken Fonnvernet
22/8 Vasstøylen/ Langhorndalen v.bommen på Kvistad
29/8 Bondalsbakken v. bommen i Sledalen
5/9 Høgenausa Aklestad
12/9 Grøthaugen Moane
19/9 Tua på Hustadneset Hamna på Hustadneset
26/9 Valsetheida / Eitrefjellet Tvergrova
3/10 Klokkura/ Tryvatna Enden av vegen på Stokkesida
10/10 Gamlevegen Villane
ALLE TURANE STARTAR FRÅ MØTESTADEN KL 1800
VEL MØTT!
Kommentarar