2011 er det europeiske friviljugåret.

Hjørundfjorddagane er ein fantastisk dugnad med stor innsats frå omlag 300 friviljuge. Her må så mange som mogleg hjelpe til - og det gjer dei. No startar arbeidet med å lage til arbeidslistene.

Ann-Marit Sæbønes har takka ja til å opne årets Hjørundfjorddagar. Dette er vi veldig glade for. Ho er oppvaksen på Sæbøneset og har mellom anna vore ordførar i Oslo.

 Av underhaldning kan vi nemne:

Kirsten Bråthen Berg 

Held konsert i Hjørundfjord kyrkje laurdag 4. juni kl. 19.00 i lag med Daniel Sandén-Warg. Ho er ein dyktig songar som framfører både folkesongar og moderne musikk. Dette vert ein spennande konsert.

Billettar kr. 250,-  ligg ute for sal i nærbutikkane Belleingen og Slettedal på Sæbø.

Du kan og ta kontakt med Synnøve Rekkedal Hill på e-post synnove_hill@hotmail.com , dersom du ønskjer å tinge billettar.

Vanskeleg denne adressa med blå strek... den startar i alle fall med synnove_hill@

Trylleshow med Håkon Esplo

http://www.trylleshow.no/Velkommen.html

 

Mannekengframsyning

Vi syner klede produsert av diverse utstillarar

 

Fleire , dyktige biletkunstnarar kjem til Hjørundfjorddagane:

Yngvill Birkeland 

 http://yngbirk.no/section/208808_Maleri.html

 

Kjell Idar Saure

http://www.saureart.com/

 

Grete Bjørdalsbakke

http://www.orstafoto.com/forside.php

 

Marianne Liadal Brekke

Lagar bilete i decoupage teknikk

Englar og gode ord går igjen i bileta hennar.

 

Åse Tunset

Deltaljrike teikningar

 

Tekstil og liknande:

Fonn design, ved Oddlaug Fonn Skaar frå Førde.

Vevde tekstilar 

http://www.fonndesign.no/

 

Almapalma

http://epla.no/shops/almapalma/

 

Eli Vike Nerland

Maskinstrikka plagg og småplagg i alpakka

http://www.birka.no/index.php?bedriftvalg=visbedrift&id=338

Ho har og med seg keramikk produsert av Edith Kvalsund. Dei to driv galleriet EogE i Fosnavåg.

 

Elin Grete Haddal

http://epla.no/shops/lappelina/

 

Solrun Osdal

Kjolar, strikk, m.m.

 

Siri Viddal

Patchwork m.m.

 

Diverse:

Sølvtre

Eit kunstnarpar frå Valdres kjem med arbeid i sølv og tre

 

Arne Sæter

Steinarbeid

 

Arnhild Andøl

Glasarbeid

http://www.glassa.net/22056585

 

Det vert og sal av bøker, produkt av hjoteskinn, spekemat, stauder, sommarplanter m.m.

Og for dei yngre vert det i år mogleg å bruke pengar i ei bud ute;)

Frå Tussa har vi fått låne el-bilar.

 

Politisk debatt:

Til hausten er det kommuneval og tradisjonen tru vert det politisk debatt på scena søndag.

Temaet i år vert "Kommunesamanslåing, gagnar det lokalsamfunna?"

Erna Solberg

Debattantar vert Petter Bjørdal (Ap) Jon Gorg Dale (FrP) Erna Solberg (H), Paul Kristian Hovden, Jenny Klinge (Sp), Ingrid Opedal (SV)

Debattleiar vert rektor Jørgen Amdam frå Høgskulen i Volda.

 

Bjørn Johan Muri frå Ålesund avsluttar programmet på Hjørundfjorddagane søndag 5. juni.

Han er mellom anna kjend frå Idol og Melodi Grand Prix.

http://www.youtube.com/watch?v=OGUttwcVlco

 

I tillegg til det som skjer inne på messeområdet er det opne butikkar på Sæbø, campingplassane held ope, tidlegare ordførar Nils Taklo opnar galleri med eigne måleri i 2. høgda i det gamle kommunehuset på kaia, Nilsbuda held ope og sel mykje flott handabeid, Strands bakeri har rykande ferskt bakverk laurdagen.

Laurdagskvelden kan ein ta turen til Christian Gaard på Trandal. Der serverer dei middagsbuffet kl. 18.00 - 21.30 og har levande musikk frå kl. 22.00. 

http://www.christian-gaard.no/

Sett av helga 4. og 5. juni

Det er på Sæbø det skjer!

Dersom du vil følge oss på Facebook har vi ei eiga gruppe der som heiter Hjørundfjorddagane 2011.