Neste helg er det Hjørundfjorddagane og mange av lesarane til portalen bur langt vekke og har ikkje anledning og kome til Sæbø desse to dagane. Derfor ville ei god dekning på portalen frå desse dagane være til stor glede.

Er du glad i å skrive og å ta bilde, så er du hjarteleg velkomen for å delta i eit team som intervjuar og lagar bilde- stoff frå program og folkelivet.

Det er lite med  honorar vi kan tilby, men dersom vi greier få til eit lite team, kan vi tilby eit lite minikurs i skriving og fotografering av nyheitssaker. Her vil journalist, og redaktør Rune Sæbønes i Møre Nytt, være kursleiar.  

Om du kan å ta bilde, så er det forskjell mellom eit naturfoto og eit reportasjefoto. Samtidigt er det viktigt og ha kunnskapar om kva som er forskjell mellom ein artikkel og eit nyhende. Dette kan Rune mykje om gjennom mange år som avismann, og kan lære deg litt av faget og gje deg mange gode tips.

_1000386_1_1Dannar vi eit tem, så kunne vi dele på oppgåvene og gjere det vi liker best. Vi treng feks ein person som kan tenke seg å skrive om konserten til Kirsten Bråten Berg Her kunne vi dele oss slik ein tok bilder og den andre skreiv. Her bør kanskje ein person som har interesse for sang og musikk være føretrinn.Vedkomande får gratis inngong på konserten. Eit godt referat få denne konserten vil nok Møre-Nytt også vurdere å trykke, så her kan rette personen få spalteplass i avisa.

Så har vi program og folkeliv både laurdag og søndag med servering av middag på Trandal, som ville vore kjekt å kunne dekke for portalen.

Som du forstår så vil alle aldera være like interessante. Eit intervju med ein unge eller ein eldre person, vil være like interessant og lage mangfald. Møre- Nytt vil også være tilstades og vert det skrive gode artiklar som passar for avisa så får dei lov å trykke den. Alle som skriv vil få adgong til messeområdet.

Vi faste i portalen, er sjølvsagt på plass og hjelper til både med bilder og redigering av stoff som er skrive

Er dette noko for deg, så ta kontakt med redaktør på telefon 90203236 eller mosveise@tussa.com snarast.

Ivar Svein Mo - Hjørundfjordportalen