19.0
Trond Haugland på veg mot Nordre Grøtdalstind 21. april 2010.

For meg er Grøtdalstinden - og då meiner eg den søre av dei tre - den vakraste av alle fjella vi har her i Bondalen.  Eg er gardbrukar og når eg går i fjøsen om morgonen kastar eg alltid eit blikk mot nord, mot Grøtdalstinden.  Der får eg mykje informasjon om vêr og vind - og ikkje sjeldan bestemmer eg meg for om det vert fjelltur eller ikkje denne dagen.  Kvifor?  Klikk på lenkja under og sjå.  Opplastinga av "filmen" kan ta noko tid.

http://www.sunnmore.net/div/Grottdalstindane_III.wmv

Stor takk igjen til Roy-Magne Mo fordi han stiller både kunnskap og utstyr til disposisjon.

P.s.:  Alle fotoa er av- eller frå turar til Grøtdalstindane og NB:  Ein skitur til Grøtdalstinden kan vere noko langt meir - og betre - enn å slite seg opp ei tung framside/sørside ein marsdag.  Prøv turen om Bjørndalen, eller gå opp frå Holen til Årskogstøylen og Lisjedalen.  Når du no har sett på fotoa kan du ta ein titt til ein gong til og prøve å finne ut kvar fotografen står.

Takk til modellane (som stort sett ikkje er spurde) som er Jakob Hustad (son), Vegard Riise, Trond Haugland og Fred Ingar Somby.