”Valdresrom”

Valdres er kjend for sine lange tradisjonar innan kunsthandverk, difor er vi i nemnda for Hjørunsfjorddagane svært glade for å kunne presentere tre kunstnarar derfrå og vi har samla alle på same rom.

Keramikk.

Ester Schenker og Andrea Uhlenhut har sitt eige keramikkverstad  i Heggenes i Øystre Slide. Dei har begge solid utdanning innan faget, Uhlenhut dreiar keramikken for hand og Schenker dekorerar.

Keramikken dei lagar er av høgbrent steintøyleire og tåler derfor oppvaskmaskin. Mykje av det dei lagar er i blå og kvit keramikk, men dei har også byrja å lage i ein brun serie, litt svart og grønt.

Ein av spesialitetane deira er utskjering på store fat, små og store lykter og telysholdarar.

I tillegg lagar dei koppar, mugger og skåler i ulike størrelsar.

sylvtre Inger

Inger Norun Solhaug i arbeid i sølvsmia i Valdres

Høvda Sylv og Tre

Cog Rainer Solhaug drive denne verkstaden innan sølv og trearbeid.

Iner Norunn er utdanna sølvsmed og har jobba med sølv sidan 1972. Rainer er møbelsnikkar og tredreiar, opphaveleg frå Sør-Tyskland.

Dei har restaurert fleire gamle tømmerhus som vert nytta til ulike formål, alle med sine unike historier.

Inger Solhaug lagar smykker og gjenstandar  for hand i 925 s. Dersom tradisjonen tilseier det, brukar ho også messing og eventuelt forgylla løv. Smykka er til kvardag, fest og bunad. Solahug står også bak ”Valdres regionsølv” bassert på Valdreslogoen. Dessuatn lagar ho praktiske bruksgjenstandar, alt for hand.

Spesialitar.

Rainer Solhaug dreiar alle sine gjenstandar for hand, formspråket er oftast rotfesta i tradisjon, men gjerne med eit drag til moderne, enkel og rein stil.

Ekteparet Solhaug sin spesialitet er gjenstandar og smykker der tre og sølv vert kombinert.

Solhaug lagar også det australske blåseinstrumentet ” Diggeridoo” som har fått namnet ” ”Pæsalurk”. Pæsalurkane vert så stemde i C, D, E og F og får sin eigen dekorasjon.

Korvidt dette instrumentet vert med på salsutstillinga på Sæbø 4. og 5. juni, veit underteikna ikkje.

”Valdresauen” endå ein spesialitet, er ein gyngestol utforma som ein sau med saueskinn. Sjølve hovudet på sauen er utskore for hand, så der finst ikkje to like utgåver av denne sauen.

Denne utstillinga opnar også på laurdagen under Hjørundfjorddagane.

Synnøve Rekkedal Hill

Leiar Hjørundfjorddagane 2011.

”Valdresrom”

Valdres er kjend for sine lange tradisjonar innan kunsthandverk, difor er vi i nemnda for Hjørunsfjorddagane svært glade for å kunne presentere tre kunstnarar derfrå og vi har samla alle på same rom.

Keramikk.

Ester Schenker og Andrea Uhlenhut har sitt eige keramikkverstad  i Heggenes i Øystre Slide. Dei har begge solid utdanning innan faget, Uhlenhut dreiar keramikken for hand og Schenker dekorerar.

Keramikken dei lagar er av høgbrent steintøyleire og tåler derfor oppvaskmaskin. Mykje av det dei lagar er i blå og kvit keramikk, men dei har også byrja å lage i ein brun serie, litt svart og grønt.

Ein av spesialitetane deira er utskjering på store fat, små og store lykter og telysholdarar.

I tilleg lagar dei koppar, mugger og skåler i ulike størrelsar.

Høvda Sylv og Tre

Inger Norunn og Rainer Solhaug drive denne verkstaden innan sølv og trearbeid.