
Kva heiter det høgste fjellet i bakgrunnen?
Svart - kvitt foto? Kan det vere noko muffens? Spørsmålet er i alle fall såre enkelt - kva heiter høgste fjellet (det til høgre) i bakgrunnen?
Og kva heiter ramnen? Nei, det var tøv, men for dei meir avanserte; kva for eit fjell stod fotografen på når han tok dette fotoet?

Foto mot Bondalen og Sæbøneset teke frå Leknesnakken.

Flinke - til slutt. (05.05.2011 kl. 18:01)
Ja, no har det ordna seg - og her vert det poeng til fleire.
Eg spurde om det høgste fjellet i bakgrunnen (det til høgre). Då tenkte eg på eg meinte s å g høgst ut på fotoet. Korrekt svar er, som nemnt, Randers Topp (1414 m). Men det er fjellet i bakgrunnen til venstre som er høgst i praksis. Fjellet heiter Jønshornet, også kalla Ramoen, og er 1419 m høgt. Jønshornet ligg lenger vekke/lenger bak enn Randers Topp sett frå fotografen sin synsstad.
Og kvar står fotografen? Her er det Linda som får poenget - fotografen/eg står på Kvitegga.
Arnfinn får sjølvsagt også poeng for namnet på ramnen. Det ser bestemt ut som det er Hugin vi ser. :)
Og kven hadde rett namn på toppen. Ein smålåten kar, som sende meg ein e-post i går, var først ute med Randers - og Jønshornet. Namnet er Helge Standal. Det er vel få i heile Fedrelandet som er meir kjend i Molladalsområdet enn han.
Håvard og Fred Ingar fortener også rosande omtale her.
Takk for svar. Trur jammen det vi må få fleire slike quizar igjen.
Til slutt i artikkelen legg eg ved eit panoramafoto frå Kvitegga mot nord. Her er nok fjell å velje mellom.
Knut Hustad
(05.05.2011 kl. 17:26)
Du har so rett, so rett Fred Ingar. Randers er til høgre, ja. skjerpings:)
Håvard Bjørdal
(05.05.2011 kl. 17:11)
Jepp, jønshornet blir høyest i bildet, men Knut spør om det til høyre og da er det randers.
Fred Ingar Somby
(05.05.2011 kl. 17:03)
Fred Ingar og Linda sine forslag må vere ein bra kombinasjon. Du står på Kvitegga, og zoomar mot Molladalstindane. Men er ikkje det Jønshornet til venstre for Randers? I tilfelle er vel den høgast?
Håvard Bjørdal
(05.05.2011 kl. 14:11)
Tror forresten ikke vi ser slingsbys. Men mener jeg ser bladet
Fred Ingar Somby
(05.05.2011 kl. 14:08)
Vi ser slingsbys, mohns og randers topp fra venstre mot høyre. Randers er høyest.
Fred Ingar Somby
Leknesnakken (05.05.2011 kl. 12:31)
er nok altfor lavt ja, men mykje som blir rart med fine linser.
Forvirra, men Linda har nok rett med sylvkallen, då trur eg at du står på Skruven (1584) og tek bilde..
Arnfinn Mork
(05.05.2011 kl. 10:27)
Det første eg tenkte på var Sylvkallen.. og kanskje du har super-zooma deg frå Kvitegga???
Linda Stokke
Mest for spøk (05.05.2011 kl. 10:26)
Eg vil slett ikkje vere ufin fordi eg no har lagt ut eit nytt foto under quizen, men kan det vere til litt hjelp? Er du like sikker på Leknesnakken no, Arnfinn?
Knut Hustad
brukt linjal no. (05.05.2011 kl. 08:25)
trur du må ha stått på Leknesnakken..
men fjellet i bakgrunnen slit eg med om det ikkje er Nordre sætretind som Håvard foreslår.
Arnfinn Mork
Skjerpings (05.05.2011 kl. 00:23)
Her trur eg det må litt skjerpings til - eller eit kart og ein linjal. :)
Knut Hustad
Nordre sætretind? (04.05.2011 kl. 21:00)
Eg trur Arnfinn er inne på noko. Men er ikkje biletet tatt litt lenger sør enn Saksa? Tippar du har stått på Jakta og retta linsa mot sætreindane. Der er vel Nordre Sætretind med sine 1365 moh. den høgste?
Håvard Bjørdal
Ser ut som (04.05.2011 kl. 13:20)
Dalagubben (1344), sett frå Saksa (1073) i forgrunnen..
Men i bakgrunnen til høgre ser vi Kolåstinden (1432) tippar eg.
Ramnen er nok Hugin eller Munin, dei er så like..
Arnfinn Mork