Vårtur til Dinglavatnet!
Vi parkerte ved bommen til vegen mot Prestesetra og Dinglavatnet, men planen var at vi skulle ikkje fylje grusvegen.
Vi tok råsa ved svingen til Solhøgda, og fylgde den.
Det var flott rås, og det var varmt så vi fekk opp temperaturen raskt.
Det smakar godt med drikke i varmen, Anne Fride og Dina drikk om kapp.
Frøydis, Gaute, Dina, Ingvild, Inga Lena med Lucky, Julie, Haldis, Kari, Linn Kelly og Anne Fride.
Som kjent er Dinglavatnet drikkevasskjelda til Volda, og då vi kom til fyrste pumpehuset tok vi ei god drikkepause.
Her ser vi Rotevatnet i bakgrunnen, og Julie, Inga Lena, Dina og Lucky.
Gaute lyttar til susinga frå pumpehuset, nokre vart tørste av susinga andre vart .....
Siste etappe mot Dinglavatnet kom vi inn på grusvegen, Her nedover mot Volda.
Vatnet på (her) høgresida av vegen vert kalla Skitnevatnet.
Fellesbilde ved demninga til Dinglavatnet.
Anne Fride, Linn kelly, Frøydis, Ingvild, Kari, Haldis, Bodil
framme Gaute, Dina, Inga Lena, Lucky og Julie.
Dina, Gaute, Julie og Inga Lena med Ørstafjorden i bakgrunnen, Osdalen nedom.
Ungane som var med var fantastisk flinke og gå, ingen sure miner sjølv om vi gjekk i tre timar!
Her eit bilde med Melshornet i bakgrunnen og på høgresida Grøthornet.
Dina og Anne Fride i framgrunnen, du ser råsa bortetter fjellet som går mot Vardehornet.
Julie, Dina og Gaute, du ser så vidt til Rystelandet og ørstafjorden bak.
Haldis, Frøydis, Ingvild, Linn Kelly og Kari ,med Voldsfjorden og fjella bak.
Vardehornet med Volda sentrum i bakgrunnen, og Rotsethornet då så klart.
Mange flotte sitteplassar på råsa ned, tid for litt Luckykos.
Prestesetra, siste etappe før vi er nede ved bilane, her brukar Voldingane (nokre av dei ja) å feire Jonsok.
Takk for turen!
Neste søndag er det Mosetra/Vallasetra som står for tur.
Vi kjøyrer frå fergekaia på Sæbø kl 1700, Parkerar ved Askjellhaugen og går Nupadalen opp og Mosida ned.
Lang, men flott tur, kan vere litt snøv øverst på vegen, men trur det kan gå greit med joggesko.
Vel Møtt!