Det er 14 dagar til årsmøtet i Urke Grendalag: Laurdag, 21. mai kl. 14.00 på Grendahuset. Det er utført ei omfattande opp-pussing på huset, og det å få sjå resultatet av det, er og verdt turen - vi seier ikkje meir.
Grendahuset frå utsida - men innvendig er det saker og ting på gang...
I ingressen er det nemnt grendalaget sitt formål. Vi siterer gjerne heile §1 i vedtektene:
"Laget sitt formål er å arbeide for å utvikle det sosiale, kulturelle, fysiske og næringsmessige grunnlaget for innbyggarane i bygda, og å være eit talerør i saker som vedkjem eller direkte grip inn i bygdefolket sine interesser. Grendalaget skal gjennom å støtte lokale initiativ og gjennom å sjøl ta initiativ, arbeide for å utvikle eit godt og aktivt bumiljø i grenda. "
Her er innkallinga til årsmøtet:
Klikk på saklista for å få stort bilete!?
Eldrid Øye har vore leiar i laget det siste året. På årsmøtet skal det gjerast ei rekkje val. Viktigast er val av leiar og tre av dei 4 styremedlemene som står på val. Vidare skal det veljast varafolk mm.
Eldrid Øye - leiar i Urke Grendalag
Tittar du på saklista, ser du at styret fremmer fleire sakar som skal avgjerast i årsmøtet. Det gjeld sakene 6 - 9. Det skal fastsettast utleigesatsar for Grendahuset som Ørsta kommune har vedteke skal seljast til Grendalaget.
Dag for jonsokfeiringa og arrangør av julefest/hjortefest står på agendaen. Det skal takast stilling til om årsmøtet ønskjer arrangement komande sommar - kanskje på linje med kulturkvelden som vi avvikla i fjor?
Vel møtt til årsmøtet i Urke Grendalag!