Fredag 20. mai kom ein rapport frå Møreforsking og Telemarksforskning om fordelar og ulemper ved samanslåing av kommunane Ørsta og Volda.
Det er kommunane som har bestilt rapporten der samfunnsutvikling, økonomi og tenesteyting er sentrale område ein har sett nærare på.
I rapporten har forskarane av ein eller annan grunn kome med eit namneforslag som har fått mykje mediemerksemd og har skapt stor debatt i dei to kommunane den siste veka.
Rapporten kan du lese her:
http://www.orsta.kommune.no/getfile.aspx/document/epcx_id/558/epdd_id/1363
Debatten under Hjørundfjorddagane vert av ein meir generell karakter, men nemnde rapport er nok på mange område gjeldande også for andre kommunar som vurderer samanslåing.
Jørgen Amdam, rektor ved Høgskulen i Volda og professor i kommunal og regional planlegging og administrasjon, vert ordstyrar under debatten.
I tillegg til Solberg kjem
Jenny Klinge, stortingsrepresentant for Sp
Jon Georg Dale , vararepresentant for Møre og Romsdal FrP på Stortinget.
Petter Bjørdal, Ørsta Ap
Paul Kristian Hovden, Ørsta KrF
Ingerid Opedal, Volda SV
Ein interessant debatt før haustens kommuneval
Kommentarar