Familiegudsteneste i kyrkja
Markering ved bautaen og 17.mai tog
Barneskulen hadde som god tradisjon årets markering ved Bautaen. Foto.ISMo
Grønt og fint er det, sjølv om det er berre 6 grader og regnbyger.Foto.ISMo | Generasjonskorpset er vårt nye og framifrå hornmusikkkorps.Foto.ISMo |
Systrene Karin Flatnes og Synneva Rekkedal stiller med lokal og klima tilpassa Hjørundfjordbunad. Karin har brodert bunaden sin sjølv og til sine 4 borneborn. Synneva er den som monterer familiens sine bunadar .Foto.ISMo
Då er toget i gong og ruta går til Sandvika, forbi barnehagen, og rundt der den gamle aldersheimen stod. Barnehagen har eigen berar og fane.Foto.ISMo
Gamleheimen er vekke, men togruta er den same. Foto K.H |
Elisabeth Årseth Dimmen og Eve Holen. Nasjonaldagen vart ein godvêrsdag - for dei som likar å bruke cape utanpå bunaden. Foto K.H |
Sæbø skule med si nye fane Foto.EÅD
Stopp for markering ved Hjørundfjordheimen Foto.ISMo | Dei som kunne, hadde nok fått plass på balkongen, denne dagen. Foto.ISMo |
Det er nok mange av bebuarane som har opplevd denne høgtidstunda i mange år og set stor pris på det. Foto.ISMo
Korpset tek den siste før det vert vidare fram gjennom Hustadvegen til grusbana, for avslutning. Foto.ISMo | Ein del tok del i toget med bil. Foto.ISMo |
Dei som har opplevd 17. mai utan feiring, veit kva dette betyr og let seg ikkje kome utav stemning for litt nedbør. Det norske flagget og friheita er akkurat den same kva slags vér det enn er i landet vårt. Anna Lyshagen, Berta og Tomas Kvistad er heiagjeng til 17 mai toget.Foto.ISMo
Sunnmørs bunaden kan være så mangt. Her har i allafall John Åge og Henriette Solhaug funne ei høveleg løysning mot regnbygene, iallafall Henriette. Foto KH |
På skulen og på Klubbhuset var det høve til å kjøpe mat
Så var det tid til å kjøpe rjomegraut, kaffi, kaker, pølser, is og brus
Frank Mo var ein av grautkokarane som jobba hardt for at maten skulle være klar til rett tid. Foto.EÅD | Jan Boye Olsen og Normann Dimmen var også iherdige i sitt kall denne dagen. Foto.EÅD |
Folkefesten var i kyrkja
Programleiarane Olai Eikrem Riise og Eivind Årseth Dimmen Foto.EÅD
Folkefesten har vore tradisjonelt på skulen eller i godt vér i kråa framom skulen. Men i år er skulen omgjort til ein byggeplass og gymsalen kunne ikkje nyttast. Det var lenge lurt på korleis ein i dårleg vér skulle finne høveleg lokale, og tilslutt vart kyrkja valt.
Flinke elvar frå skulen og born frå barnehagen gjorde ilag med Generasjonskorpset folkefesten til ei stemningsfull opplevelse. Korpset under leiing av Oddhild Kalvatn er og har vorte skikkeleg gode. At dei føretrakk å være på galleriet hadde både sine bakdelar og fordelar.Lydmessig fylte dei opp kyrkja på ein måte vi skjeldan har høyrdt, men å få sjå hornmusikken ved framføringa av nasjonal songane våre er ein tradisjon. Dette ville kanskje spesiellt ungane sette pris på.
Etter at festleiarane Eivind Årseth Dimmen og Oali Eikrem Riise hadde opna Folkefesten, spela Generasjonskorpset "Fagert er landet" frå galleriet til allsong. Foto.ISMo
Barnehagen framførte songar dei har øvd inn.Foto.ISMo | Sæbø barnehage. Foto.ISMo |
Petter Bjørdal held tale for dagen. Det viktigaste vi har i vårt samfunn er ytringsfriheit og demokrati. Dette er ein juvel som dei kjemper med liv og død i Nord Afrika i dag. På same måte kjempa dei i 1814 her i landet for å få talefriheit og stemmerett.
Eit samfunn med likeverdigheit, rett til arbeid med lønnsinntekt, gjev trygge menneske og har vore nøkkelen til vår velstand i Norge. 17 mai er ein viktig dag for oss for å stoppe opp og tenke igjennom alle dess godene som mesteparten av menneska på jorda berre drøymer om. Foto.ISMo
Elevar frå 1-7 klasse framførte 3 songar under leiing av lærar Ingvil Aasen Flatnes. No livnar det i lundar, Mellom bakkar og berg, og Alle fuglar Foto.EÅD
Tre jenter las dikt Foto.ISMo | Karoline Årseth Dimmen, Andrine Valset og Thea Karin Flatnes las dikt Foto.EÅD |
Som avslutning spela korpset "Ja, vi elskar " til allsong medan festlyden stod. Foto.ISMo
Foto Elisabeth Årseth Dimmen(EÅD), Ivar Svein Mo (ISMo), Knut Hustad (KH)
Kommentarar
Folk likar å lese frå heimbygda si 17.mai, og det ville har vore kjekt å kunne få bilder og litt tekst, frå dei andre bygdene i Hjørundfjorden.
Dersom folk ikkje vil legge det ut sjølv, så send det til oss i portalen, så legg vi det gjerne ut.
Eg fekk synspunkt på at vi kunne finne eit litt meir 17.mai prega bilde med flagg, til inngressbilde og dette sluttar eg meg til.
Kanskje kan eg fri til brukarane på portalen for å sende oss eit bilde som er litt meir positivt frå 17.mai feiringa på Sæbø, enn det som ligg der i dag.
Har du eit fint bilde frå 17.mai 2011, så kan du sende det til mosveise@tussa.com så skifter vi ut dagens bilde.
Vi skriv sjølvsagt på kven som er fotograf.