Det er kjekt å spele i korps og dei yngste vert raskt flinke å spele. Dei får lære notar og samspel med andre musikantar. Det er utruleg kjekt å oppleve kjensla av meistring når ein får til å spele tonar høgt oppe på skalaen og det like fort, fint eller vart som dei eldre og vaksne.

Men no røyner det på for dei yngste musikantane våre. Dei likar så godt å spele, dei er kjempeflinke, men dei er berre to frå barneskulen. Tenk om nokon vil spele i korpset i lag med dei, så vi får ha dei i korpset i mange år framover.

Søknadsskjema finn du på heimesida til Ørsta kommune:

http://www.orsta.kommune.no/Modules/article.aspx?ObjectType=Article&Article.ID=2017&Category.ID=709

Pause

 Dette er ein sosial gjeng. Praten går livleg og pausene vert lange. Dette biletet er tatt sist torsdag då vi koste oss med Pizza mellom øktene. Vi hadde til og med ein gjestemusikant på besøk. Ingunn Egset, som til vanleg bur i Frankrike, kom og ville spele i lag med oss. Ein gong korpsmusikant - alltid korpsmusikant:)

Vi har fleire, heilt nye kornettar som ventar på unge musikantar.

Om andre vil spele i lag med oss har vi instrument til dei og.

Ta gjerne ein tur innom Grendahuset mandag 18. april. Då har vi øving frå 19.00 - 21.00.