Vi er nokre som er interesserte i å nemne Hjørundfjorden i ulike samanhengar. I denne omgangen ønskjer eg å framheve at E-39 bør leggast mellom Kalvatn og Digernesskiftet i ei rett line. Og kvar går den? Jau, gjennom Hjørundfjordområdet.

Dette har også andre teke opp, slik at det ikke er mitt eige påhitt. Men ei god sak må ofte gjentakast. Derfor prøver eg på nytt.

Eg har skrive eit par lengre "kronikkar" til nokre aviser om temaet, men det høver ikkje her på portalen. Men kartet der vegen  er inntegna, kan visast her. I tillegg tek eg med dei tre siste avsnitta i siste artikkelen. Klikk på kartet så det vert tydelegare!

skann0001

Storfjordbrua frå Sykkylven til Glomset-området er eit av dei mest fornuftige prosjekta som er lansert dei siste tida. Den fell fint inn i det eg vil kalle den rette aksen nord-sør i midtområdet mellom indre og ytre Sunnmøre. Om Vegdirektoratet heller vil ha ein kombinasjon av flytebru og høgbru, er det opp til dei sakkyndige å avgjere. Det er målsettinga for vegen, lengda og krava til standard som må avgjere vegvalet. Avgjerda gjeld hovudvegen gjennom seks fylke og det er Vegdirektoratet som må avgjere saka.  Vegvalet er for viktig til politisk avgjerd i valvind-tider. Vi har siste vekene opplevd at Frank Sve, leiar i Samferdselutvalet i vårt fylke, har gitt si fulle støtte til både Ha-fast og Sykkylvsbrua som stamveg.  Eg ventar på at han lanserer sitt eige alternativ med det første…

Lite aktuelt. Ha-fast er eit alternativ som lenge har vore omtala som ein framtidig stamveg. Etter mitt syn er det den minst aktuelle - eller like lite aktuell som ei løysing gjennom det indre området – verdsarvområdet. Ha-fast må avvisast på grunn av Breisundet og at løysinga ekskluderer viktige område som Sykkylven og Stranda. Fe-fast er vanskeleg å knyte til Stranda og Sykkylven, samtidig som brua kryssar Storfjorden til alt for tettbygde område.

Indre område krev svært lange tunnelar for å unngå store stigningar og vert monaleg lengre enn ei rettare line frå Kalvatn til Digernesskiftet.

Kvar ligg løysinga?  Kryssa på Kalvatn og Digerneset  vert nøkkelpunkt i ei framtidig hovudpulsåre gjennom Sunnmøre. Den korte, rette og stigningsfri strekninga mellom desse to punkta er slik:  Kalvatn – Skjåstaddalen - Bjørke - Viddal – tunnel Viddal – Øye (3,5 km) – Maude – tunell Maude – Brunstad (8,5 km) – Brunstad – Aure – Andestad –tunnel Andestad – Storfjoren (1,5 km) – Storfjordbrua – Glomset vest – Digernesskiftet.

 Samla lengde er 60 km og med 90 km/t går det unna på 40 minutt!  Rett fram og utan stigning! Eg ønskjer Vegdirektoratet lykke til med eit viktig vegval!

Så langt sitat frå siste avsnitta i siste artikkelen. Skal tru kva portal-lesarane har lyst til å kommentere til saka?