Alle foto:  Fred Ingar Somby og Knut Hustad.  Klikk på fotoa for å få dei i stor versjon.

Ofte brukar eg å skulde på svigerson Fred Ingar om det vert litt for mange turar til fjells midt i beste arbeidstida.  Men denne gongen var det eg som ringde han: - Er det ikkje på tida at du får oss opp på Søre Sætretind?  Han var einig.  Rett nok har vi prøvd på Søre Sætretind før, men måtte snu fordi underteikna hadde gløymt att stegjarna...

IMGP3653 Søre sætretind 1
På arkivfotoet til venstre ser du Søre og Nordre Sætretind frå brefallet under Kolåstinden.
Arkivfotoet til høgre er tatt frå Midtre Sætretind.  Ruta vi gjekk onsdag 13. april er teikna inn med raudt.  Blå, stipla linje markerer ei heller stor smeltesprekke som kan vere open.

Søre Sætretind ser du godt frå vegen over Standalseidet  der den ligg ikkje langt frå Standalhytta  og rett på austsida av  inngangen til Kvanndalen. Men vi kom frå Follestaddalen og køyrde forbi både Standalhytta og Standalsetra - det var Fladalen, sidedalen rett aust for Kvanndalen - som var målet vårt.

009b
Lett og vakkert skiterreng  i nedre del av Fladalen.  Langnestinden i bakgrunnen.

På grunn av ny bru og delvis ferdig veg er det no lett å nå  innganen av Fladalen på ski (og føtene på sommarstid). Så er det berre å halde fram oppover og vestover mot Sætretindane.  Den Søre ligg opp til venstre.

"Gå i ein boge vest for blåisområdet og sør til den bratte snøbakken rett nord for tinden.  Set att skia her" (sjå blå, stipla strek på foto over).  Dette  står det  å lese i skiboka "Skiturar i Sunnmørsalpane" av Hagen og Standal.  Eg er såpass gammal at eg er vand med å lystre ordrar og sette att ski her og tok på stegjarn.  Fred Ingar hadde også på stegjarn, men tolka ordren om å setje att skia meir som ei utfordring.  Han festa dei til sekken og baksa seg oppover.  Den skumle smeltesprekken var dekt av eit mindre snøskred og let seg denne gongen krysse utan problem.

015b 020b
På med klatreutstyr på foto til venstre.  Trandal og Hjørundfjorden i bakgrunnen.  "Ikkje normalt skiterreng her", brukar gjerne forfattarane av den nemnde skiboka å skrive, men sikker kan ein ikkje vere før ein har prøvd - tenkjer nok Fred Ingar - foto til høgre.  P.s:  Ingen skredfare her denne dagen.   M.a. Randers Topp lengst bak.

Søre Sætretind er ein klatretopp - om det enn ikkje er mange høgdemetrane som krev klatreutstyr.  Det er "4-meters-hammaren" som er problemet.  Det kan vel stemme at det er omtrent fire høgdemeter det er snakk om, men vi, dvs. Fred Ingar, sikre oss på ei noko høgare strekning. 

025b _IGP8267b
På egga nordvest for toppen sette også Fred Ingar skia att og det var på tide å finne fram klatreutstyret. 

Vi hadde sjølvsagt sjekke vêrmeldingane for vi starta turen denne dagen - vekslande skydekke med perioder med sol innimellom - men diverre vart det skyene, og dermed flatt lys, og vind som vart dominerande akkurat då vi var i toppområdet. Foto vart dermed ikkje så gode som vi håpa på.  Men sjølve klatringa opp gjekk problemfritt.  (Under slike forhold er ei varm dunjakke sterkt å anbefale)

_IGP8271b
Frå klatringa.  Fotografen står her oppe på "4-meters-hammaren"

Etter at klatringa er ferdig og den nemnde hammaren passert, er det enno att nokre høgdemeter heilt til toppen, men her er det problemfritt å gå.

_IGP8277b
"4-meters-hammaren" er passert.  Toppen nesten nådd.

027b 035b
Livet er ikkje alltid rettferdig - Fred Ingar tok ansvaret for sikringa opp, men måtte finne seg i å verte nummer to til topps denne dagen. (Og kven vart nummer ein?)

No har Søre Sætretind to toppar.  Kven er høgst - den vestre, eller den mot aust? Vi var ikkje sikre, dermed var det berre å gå på dei begge.  Men avstanden er kort mellom dei to toppane.

040b
Fred Ingar på den austlege toppen.  Fjelle han ser mot er på austsida av Hjørundfjorden.

_IGP8287b
Mot nordvest.  Frå egga mellom dei to toppane. Nordre Sætretind bak - heilt til høgre.

No har eg inga liste over fjell som eg må på her i nærområdet mitt, men om så  hadde nok Søre Sætretind stått høgt oppe.  Og for å seie det slik - eg angra ikkje på at det gjekk "vekk" nokre timar til topptur sist onsdag.

Også turen ned att til vegen over Standalseidet  var problemfri om ein ser vekk frå eit merke i ein tjukklegg etter ei stegjarnklo og eit aldri så lite fall for min del.  Flatt lys er ikkje spesialiteten.

_IGP8293b _IGP8301b
Ein rappell er alltid eit høgdepunkt, men å gå baklengs med stegjarn og ei isøks er vel i overkant pinglete.... (Foto til høgre)

059b
Ein turkamerat eg hadde med meg, brukte ski i det same området... Hjørundfjorden v/Store Standal skimtar vi så vidt i øvre biletkant.

Som sagt - ikkje berdens beste nedrensle/nedkøyring frå Søre Sætretind, men for all del - også skituren kan anbefalast.

064b 066b
Først bratt....

072b
..., så litt slakkare.  Igjen Langnestinden i bakgrunnen.

Takk for turen.

P.s.
Eit foto av den nye brua må med.  Mykje tid har gått med siste åra for å leite etter ein god passasje av elva.  No er bru komen på plass.  Det einaste som kan vere å klage på er at ho ikkje var snødekt.

_IGP8318