Med vel 700 deltakande på Langfredag og Påskedag har årets skattejakt blitt nok ein suksess!!
Fotballgruppa er veldig takksame for alle som har delteke, gitt gevinstar og gjort ein innsats for å få arrangementet i hamn. Skattejakta er ein av hovudinntektskjeldene til fotballgruppa, så vi er avhengige av alle for at det skal bli ein suksess.
Fasit Langfredag:
Post 1
Kven heiter Fedtmule på dansk? Langbein
Kva heiter den inteligente nevøen hans? Ferdinand
Kven komponerte Melodi Grand Prix-vinnaren "Waterloo" ? Bjørn Ulveus og Benny Anderson
Kor Mange sigrar har Noreg i Melodi Grand Prix? 3
Har Cliff Richard vunne melodi grand prix? Nei
I kva by skal årets internasjonale finale i melodi grand prix haldast? Düsseldorf
Post 2
Kva er faren til Pippi? Konge på kurre kurreduttøya
Kva var faren til Pippi før sin noverande tittel? Sjørøvarkonge
Snart er det bryllaup mellom prins William og Kate Middleton. I kva årstal gifta far til William seg fyrste gong, og med kven? 1991 og med lady Diana Spencer
Kva britisk konge var far til dronning Maud? Edward 7
Kva heitte kongen i Storbritannia som måtte abdisere i 1936? Edward 8 (Hertugen av Windsor)
Kva heitte Henrik den 8. si andre kone? Anne Bolyen
Post 3
Kva heiter dei to venene til Pippi? Tommy og Annika
Kva er pippi sitt fulle namn? Pippilotta Viktualia Rullgardina Efraimsdotter Langstrømpe
Grete Waitz døydde denne veka. Kva heiter løpet ho vann 9 gongar? New York Marathon
Grete Waitz vart den fyrste verdsmeisteren i marathon.
Kvar vart meisterskapen arrangert, og kva årstal snakkar vi om? Helsinki 1983
Kor mange verdsrekordar sette Grete Waitz på 3.000 meter? 2
Grete Waitz vart nummer 2 i maraton i OL i 1984. Kvenn vann? Joan Benoit (Samuelson)
Post 4
Kva superhelt brukar nuppete undertøy? Superlangbein
Kva gir han superkrefter? Supernøtter (peanøtter)
Kva er Sannfinnländerna? Politisk parti i Finnland
Kva mobiltelefon selskap har hovedkontor i Finnland? Nokia
Kva heiter Finnland sitt høgste fjell? Halti (1324 m.o.h.)
Kva språkgruppe tilhøyrer finsk? Finsk-ugrisk
Post 5
Kva brukar Spøkelseskladden å etterlate seg på åstaden? Ein blekkladd.
Kva vind er sterkast av flau vind og svak vind? Svak vind.
Når det bles mellom 28,5 og 32,6 sekundmeter, då er det? Sterk storm.
Kva er ein tynnaknute? Virvelvind.
Kva er ein jetstraum? Sterk vind i øvre luftlag.
Kva kallar skihopparane vinden som gjev lange skihopp? Oppdrift.
Post 6
Kva heiter hesten til Pippi? Lilla Gubben.
Kva heiter apen til Pippi? Mr. Nelson.
BBC har filma delar av serien Mystery of the Universe i Hjørundfjorden. Kva heiter galaksen som vårt solsystem er ein del av? Melkevegen.
Lenge var det ein lærdom at det gjekk ni planetar rundt sola. For ikkje mange år sidan konkluderte astronomane med at ein av desse ikkje lenger kunne verte definerte som planet. Kva er namnet på denne himmellekamen? Pluto.
Kva planet er nærmast sola? Merkur. Kva er det latinske namnet på Månen? Luna.
Fasit Påskedag
Post 1
Kva heiter Andeby si skumlaste ørn? Ørnulf Ørn
Kvar bur Magica? Vesuvio
Kven er stortingspresident i Noreg? Dag Terje Andersen
Kven er statsminister i Noreg? Jens Stoltenberg
Kven er høgsterettsjustitiarius i Noreg? Tore Schei
Har Noreg hatt ei kvinne som høgsterettsjustitiarius? Nei
Post 2
Når vatn vert fast kallar vi det? Is
Når vatn kokar og vert gass, då kallar vi det? Damp
Ei flodbølge råka i mars austkysten av Japan. Kva er det japanske namnet på denne typen bølgjer? Tsunami
I Noreg har utløyste fjellskred to gongar på 1900-talet ei flodbølgje i det same vatnet, og som førte til at mange menneske omkom. Kva er namnet på dette vatnet? Loensvatnet
No er det frykt for at eit fjellskred frå Åkerneset i Storfjorden vil kunne utløyse ei stor flodbølgje. I kva kommune ligg dette fjellpartiet? Stranda
I Romsdalen er det frykt for at eit fjell kan rase ut, og sperre av heile dalen. Kva heiter dette fjellet? Mannen
Post 3
Kva heiter desse disneyfigurane på islandsk?
a) Donald Duck = Donald Dak,
b) ole, dole, doffen = ripp, rapp, rupp,
c) Mikke Mus= Mikki Mus,
d) Onkel Skrue=Joakum Frændi
Kven vart verdsmeister i fotball i Sør Afrika 2010? Spania
Kva heiter den ofisielle vm songen? "Waka waka"
Kor mange spelarar delte på toppscorar tittelen, og kor mange mål scora dei? (Thomas Müeller, David Villa, Wesley Sneijder, Diego Forlan) 5 mål
Kven dømte vm finala? Howard Webb
Post 4
Kva heiter politimesteren som Mikke mus brukar å hjelpe? Politimester fiks
Kva heiter andeby sin mest kjende kvalfangar? Moby Duck
Kva verk har ansvaret for jernbanene? Jernbane verket
Kva vesen har ansvaret for vegane? Vegvesenet
Kva veseb har ansvaret for mellom anna sandtak og grustak? Bergvesenet
Kva vesen har ansvar for at mål og vekt er rett? Justervesenet
Post 5
Kva heiter den fargesprakande fuglen som kan greie å herme etter menneske? Papegøye
Kva heiter fuglen som legg egga i reiret til andre fuglar? Gjøken.
Kva fuglegruppe tilhøyrer ramnen? Kråkefuglane.
Lever det ville pingvinar på den nordlege halvkula? Nei.
Kva farge er det på nebbet til grågåsa? Oransje.
Fuglen likna på ein pingvin, og levde i Noreg. På midten av 1800-talet vart han utrydda. Kva er namnet? Geirfugl.
Post 6
Kva heiter landet der Jesus vart fødd? Israel/Palestina.
I kva by døydde han? Jerusalem.
I nabolandet Israel, Jordan, ligg ein historisk stad der det er tempel inne i fjellet ei djup kløft. Ein Indiana-Jones-film vart filma her. Kva heiter denne staden? Petra.
Kva heiter hovudstaden i Jordan? Amman.
Kva heiter høgda i grenseområdet mellom Syria og Israe, og som er eit konfliktområde? Golan.
Kva heitte det no mest utdøydde språket som Jesus og hans folk snakka for 2000 år sidan? Arameisk.
Resultater:
Langfredag:
1.plass Arnfinn Mork 35 poeng
2. plass Stokke United 33,5 poeng
3. plass Bente Skår 32 poeng
4. plass Knut Hustad 32 poeng
5. plass Oddmar Aklestad 30,5 poeng
6. plass Anders Roald 30,5 poeng
Påskedag:
- plass Bente Skår 27,5 poeng
- plass Knut Hustad 27,5 poeng
- plass Hauge 3 27,5 poeng
- plass Hauge 1 27 poeng
- plass Frøland 2 27 poeng
- plass Straume 27 poeng
Rangeringa er trekt der det er lik poengsum
Trekning blant dei som deltok begge dagar:
- plass Leif Slettedal
- plass Johan Skår
- plass Team Aslak
- plass Frøland 2
- plass Wenche Strand
- plass Team Ervik
Kommentarar
Dersom slike problemer oppstår, så ta kontakt med administrator snarast, så er det ei enkel sak og ordne opp i.
Nokre bilder i teksta hadde gjort seg :)
a) Donald Duck = Donald Dak /Feil rett svar er Andrés Önd
b) ole, dole, doffen = ripp, rapp, rupp,
c) Mikke Mus= Mikki Mus,
d) Onkel Skrue=Joakum Frændi / Feil rett svar er Jóakim frændi
Og Snart er det bryllaup mellom prins William og Kate Middleton. I kva årstal gifta far til William seg fyrste gong, og med kven? 1991 og med lady Diana Spencer FEIL dei gifta sei i 1981
Flott at dere har lagt ut svarene har på portalen. Har alledere begynt å lese oss opp til neste år...
Bjørn Erik
I år starta altså rebusen klokka 13 med påmelding frå klokka 12. Dette er så tidleg at berre få prøver å få med seg begge deler. Vi kan altså rekne med at nokre vel påskefjellet framfor rebusen - og det er vel ikkje meininga?
Og til slutt: Løypa var såpass lang på 1. påskedag at vi vaksne fekk oss ein god trim, men var det ikkje i lengste laget for dei yngste, tru?
Og er ikkje Lodalsvatnet, som eg alltid har hørt det heiter, også eit korrekt navn på Loensvannet?