Programmet er ikkje planlagt i detalj enno, men vi samlast når høgtidskiminga tek til laurdag 11. juni kl. 17.00.                                                                      
I løpet av kvelden skal vi så ha leikestund, kveldsmat, songstund,
formingsstund, undervising om pinsebodskapen, gudstenesteverkstad.                
Kvelden vert avslutta med pinsebål og pølsespidding, pluss litt høgtid inne i kyrkja.                                                                                                          
Poenget med Lys Vaken er at deltakarane overnattar i kyrkja.

Søndag er det rydding og frukost, litt leik og førebuing til gudstenesta.
På ulike vis skal borna få oppgåver i gudstenesta.                                             
Pinse er kyrkja sin burdsdag, så det vert kyrkjekaffi med skikkeleg marsipankake etter gudstenesta søndag.

"Lys vaken" er ein del av dåpsopplæringa i kyrkja.

Ein del foreldre vil hjelpe til og vil mellom anna vere nattevakter i kyrkja.

Til no er 9 elevar påmelde, men det er ikkje for seint å melde seg på.

Send ei melding til soknepresten på tlf. 91873920, eller send ein e-post til rodyrhol@online.no dersom du vil vere med.

Helsing Rolf Dyrhol  (spr).