Utstillinga "Mote frå 40-talet" vart opna søndag 10. april og står til 8 mai. Den viser eit utsnitt av klede som Synnøve Erdal har laga og brukt då ho var ung jente i tida like før, under og etter krigen 1940-45. For den som kjenner slitet til generasjonane før oss, og ikkje minst for den som ville ut og lære, så er utstillinga rett rørande å sjå.

Godt tidsbilde

soenneve-9Kleda gir eit bilete av kva som var moten på 40-talet. På fleire vis ser ein også glimt av livet til ei usedvanleg målveten ungjente frå Hjørundfjorden, og omgjevnadene henner i denne perioden.

Vidare viser utstillinga at det var like stort høve for ei fjordataus som den finaste byfrøken, å følge motebildet frå den store verda om ein kunne kunsten med ull, rokk, tråd, vev, nål og saum.

Synnøve Erdal (f. 1923) er opprinneleg frå Ytre-Standal i Hjørundfjord. Ho har brukt store delar av livet sitt på å føre vidare eit tradisjonsrikt handverk, og sett søkjelyset på eit kapittel kvinnehistorie som knappast har fått nokon plass i historiebøkene.

Kulturarven vår

synneve-museumfotoFrå forordet i boka til Randi H. Longva "Ein ny vår ved veven" om Synnøve Erdal vert denne kulturbæraren slik omtala:

- "Heilt sidan ho sprang rundt på gardane i heimbygda for å sette opp vevar til folk, har ho delt vevkunnskapane sine med andre. Gjennom mor si, Anna (f. Aarsnes) Standal, lærte ho tidleg å karde ulla og spinne dei finaste garn av ho. Synnøve lærte å sette opp ein vev, korleis veven fungerte og fekk innsyn i fleire vevteknikkar. Ho fekk vite korleis ho best kunne utnytte ressursane i naturen, og sanke plantar som så kunne nyttast til å farge det soenneve-8heimespunne garnet. Ho lærte å sy, slik at ho kunne lage klede av det vovne stoffet. Kunnskap ho seinare utvikla gjennom skulegong og ved å gå i lære hos kyndige."

Utstillinga "Mote frå 40-talet" vart opna søndag 10. april av historikar Aud Farstad. Ho la i sin tale vekt på den nedarva kunnskapen, og kor verdifullt det er å ta vare på og dokumentere denne for ettertida. Synnøve Erdal har gitt særs viktige bidrag til dette arbeidet. Noko også denne utstillinga viser.

Skulegong

soenneve-4Frå boka "Ein ny vår ved veven":

-"Ein sommardag i 1945 kom Synnøve springande over tunet og reiv opp fjøsdøra med eit brev i handa. Mor hennar skjønte straks kva konvolutten inneheldt. Synnøve hadde fått plass ved Statens kvinnelege industriskule i Oslo.

- Eg hugsar kor glad eg vart då eg fekk brevet. Då eg fortalte at eg hadde kome inn, såg eg ei tåre nedetterkinnet til mor. Eg har ofte undra på om det var ei gledeståre, eller om det var på grun av at ho var uroleg for kor vi skulle få pengane frå. Men eg hadde bestemt meg. Eg skulle byrje på den skulen, eg".

soenneve-1Hausten 1945 flytta Synnøve til hovudstaden for å ta til på eit kurs i biletvev ved industriskulen. Året vart hardt. Ikkje berre på skulebenken og ved skrivebordet i kveldinga då ho sirleg førte inn mønstra ho hadde lært, men og fordi ho måtte arbeide for føda. Ho fekk full huspost hos ei familie rett ovanfor Ullevål stadion. Kvar laurdagskveld sat ho barnevakt til dei ho tente hos og berre søndagane var ho for seg sjølv.

Året vart såpass tøft at Synnøve fekk øydelagt skuldrane sine, og doktoren råda henne til å ta fri frå vevstolen i eitt år. Dette året nytta ho godt. Synnøve vart fyrste formingslærar i Hjørundfjord og reiste rundt til ni av skulane for å undervise. Dette vart eit veldig kjekt år, og det var her ho fann uat det var undervisning ho ville bruke livet sitt til.

Synnøve la seg opp pengar til å ta meir skulegong. Denne gongen eit kurs i flatvev i Oslo, saman med kurs i spinning og plantefarging.Kort fortalt enda vegane etterkvart på Karstengarden på Åse, saman med mannen Nils Erdal og etterkvart seks born.

Du får eit spesiet forhold til klede du lagar sjølv

soenneve-6Synnøve er nok mest kjent for vevteknikk, vevekunst og utallege kurs og etterkvart også utstillingar med vev som tema. Utstillinga på museumet viser litt av dette - men vel så mykje kåper med "Paris-snitt" kopiert rett frå moteblada og ein kleskolleksjon utanom det vanlege .

Synnøve understrekar at du får eit spesielt forhold til klede du har laga sjølv.

På loftet sitt har ho teke vare på mange skattar og det er nokre av desse som no er utstilt. Det er derfor ein draum for henne det som no er realitet gjennom utstillinga på Sunnmøre museum. Dette er prov på kor sjølvberga kvinner var når dei kunne veve og sy, men óg er dette eit nostalgisk tilbakeblikk.

Synnøve viste sjølv stolt fram ei av kåpene, og forklarte teknikken bak korleis intrikate mønster vart prega inn i det grøne stoffet. Ei lærarinne i husflid må sjå presentabel ut.

soenneve-10Ei av dei grå/blå draktene er frå 1947/48. Synnøve vov stoffet til drakta i tida på Statens kvinnelege industriskule i Oslo.Tråden er av blårevull. Den vart plukka frå "reirkassene" i revefarmen heime i Jakobgarden på Ytre-Standal året før. Det var det året ho var heime og underviste i Hjørundfjorden, .

Synnøve sat på fritida inne på den vesle hybelen sin i Oslo og spann tråden. Seinare kosta ho i akkurat dette unike høvet på seg å få ein skreddar til å sette saman praktplagget... 

14 år gamal på vevkurs

Det er mykje rørande og spennande å sjå for den som har anane sine frå Hjørundfjorden: Den som kjenner fjorden veit at det er ikkje berre, berre å ro frå Ytre-Standal til Store-Standal midtvinters for å gå på vevkurs. Det gjorde Synnøve 14 år gamal saman med gudmor si på slutten av året i 1937 - ei halv mil i all slags vêr. Kurset og det ho hadde lært av mor si vart grunnlaget for at ho seinare kunne ta på seg å veve og sy for andre.

jakke-2På kurset vov Synnøve kåpestoff av rein ull og kjolestoff av bomull. Dette fekk ho seinare sydd seg klede av. Kåpe vart det til konformasjonen hennar. Denne er utstilt som eitt av plaga ved sidan av eit stort bilete av grenda Ytre-Standal.

Frå boka"Ein ny vår ved veven" hentar vi dette: "Frå Synnøve var tausunge likte ho å ta på ty og ho merka seg kva type stoff det enkelte plagget var laga av. Under andre verdskrig lærte ho seg også å gjere seg nytte av tekstilar som var tiltenkt eit heilt anna bruksområde. Som då ho og systra Oline fekk kjolar av mor sydd saman av sukkersekkar. Mor sydde - Synnøve broderte flotte bordar på dei. Og vips; eit heilt nytt stasplagg.

- Det var ikkje så lett å få tak i nye ting i Hjørundfjorden, og speseilt under krigen var det lite ty å få. Difor vart det óg til at eg vov mykje. Eg vov gode varme ullbukser og trøyer til karane, samt ty ti ldrakter og dressar."

Under opninga av utstillinga fortalde Synnøve om nokre av klesplagga og samstundes også litt frå den fargerike livshistoria si.

Ho var berre ti år gamal då ho var med på å veve stoff til nye blå skibukser.  Hennar aller fyrste vev.  

- Mor farga stoffet i ei stor gryte i kjellaren. Etterpå pressa ho tyet ned med strykejarnet så godt det let seg gjere, og setje seg tli for å klippe og sy, fortel Synnøve i boka "Ein ny vår ved veven".Som ti-åring vov ho også i "einskjefte" ullstoffet til ein kvit kjole (sjå biletet oppe her til høgre).

- Det er ikkje så mange som lagar kleda sine sjølv lenger frå grunnen av. Slik er Synnøve ei av dei siste i den lange arverekka der kunnskapen er gitt frå kvinne til kvinne, seier utstillingsanvarleg Tone Anda.

Påsketur til Borgundgavlen

Stiftinga Sunnmøre Museum er ei samling på 13 museum. Desse museuma fortel om natur, liv og arbeid på Sunnmøre gjennom 10.000 år.

Museumet ute i Borgundgavlen i Ålesund er hovedmuseum på Sunnmøre for alle Hjørundfjordingar som vil verte kjend med si eiga forhistorie, og for alle andre som bur på Sunnmøre. På museumet står det fleire bygningar frå Hjørundfjord. Fleire fornminne frå fjorden, tekstilar, sylvsmedsarbeid og anna er teke vare på og er enten utstilt og/eller lagra på sikkert vis.