Snøfok over Strynfjellet og styrtregn på veg til Rise gjorde turen travel for dei to sjåførane frå Oraug kyllingoppdrett i Askim.  Men like før klokka 6 var dei framme.

april 2011 015

Innlasting frå nordsida etter ombygginga, så slepp ein rotet gjennom pakkeromet.

april 2011 018

Dei kjem i containerar som vist på biletet. Der er 7 høgder i ein slik container med plass til 112 høner i kvar.

april 2011 011

Pakkeromet ser fælt ut endå. Ein god del står att . Ikkje alt kjem inn på orionstyringa endå, men hønene får kraftfor og vatn, og ventilasjonen virkar fint. Og når egga kjem i påska er vel pakkeromet også i orden, håpar vi.

april 2011 024

Brellande det ka høns! Dei fyke frå eine aviaret til det andre som liryper. Ein må halde på hua når ein går inn.

Endå får dei ikkje gå inn under aviara. Først må alle lære seg å vagle seg til natta. I nokre dagar til må vi vere inne i skumringa for å få alle på plass. Det er nok å gå langs veggane for å uroe dei , så fyk dei fleste opp sjølve.

Midt i påska ventar vi at dei tek til å verpe. Då må vi gå fleire rundar for dag i oppverpinga for å plukke egg som vert lagde utanfor verpereida. Det har ein att for seinare. Målet er sjølvsagt å få dei fleste inn på band. Og nesten ingen golvegg.

 

Hønsehusarbeid 013

I den mest hektiske innreiingstida hadde vi besøk av Sæbø barnehage.

Det var ikkje så lett for dei å forstå korleis hønsehuset skulle fungere. Difor lova vi dei at dei skulle få kome att når hønene er på plass. I morgon, den 12. kjem nokre av dei att. Då vil det nok vere meir å sjå.

Hønsehuset april 002

Her er dei frå barnehagen i lag med sjefen sin. Dei spør meir enn ti vise kan svare. Tenk om eg hadde hørselen eg hadde ein gong. Men dei vert aldri fornærma om eg spør opp att fleire gonger.

Hønsehuset april 010

Torsdag kveld var det berre 2 stk som ikkje var komne på vaglet etter at lyset hadde gått. Dermed var fredag dagen for å opne under aviara. Det såg ut til at det sette dei pris på. Dei sprang meir enn dei flaug. Dessutan vart det opna for tilgang til verpebura utan at det har gjeve noke resultat.

Mange spør etter påskeegg, men vi håpar på dei første egga i påskeveka.

Hønsehuset april 006

Heia høner! Her sit dei utanfor rein sone og lurer på kva tid det kjem egg.

Det er dei fleire som lure på. Eg skal love Hjørundfjordportalen eit bilete av det første frittgåande egget på farmen. Berre vent til litt seinare i påska.

I går, den 18. kom første egget, og det låg utanfor reiret. I dag har det kome 7til.

 

Her er det første, men som vanleg ikkje av dei største.

1.  egg i frittgåande 001