Erlerida ligg bak oss og torsdag 7. april klokka 1000 kjem det eit nytt, sikkert vårteikn - Strands bakeri ved ferjekaia på Sæbø opnar dørene til både bakeri og kafe.  I hyllene vil det sjølvsagt ligge velduftande og aldeles ferske bakarvarer - og litt til.

009
Bakar Daffa - Dagfinn Strand - vil sjølvsagt ha både ferske Hjørundfjordbrød og ferske Ørstabrød - pluss fleire andre sortar - i hyllene.

Som vanleg er det Nutte - Kanutte Strand - som vil stå bak disken.  I tillegg til å selje brød, kaker og alt det andre, vil ho også servere kaffi og brus m.m. til dei av oss som vil ta eit lite stopp og ha ei god stund i kafeen.

Nytt av året/påskesesongen er det at bakeriet også vil halde ope både på palmesøndag, skjærtorsdag, langfredag og 1. og 2. påskedag.  Kanskje vert det også Napoleonskaker og Suksessterte å få kjøpt desse helgedagane - i tillegg til at brød og kaker.  Med andre ord skal det vere råd å få i seg nok næring også under den tradisjonelle påskerebusen på Sæbø.

Opningstider:

  • Kvardagar: 10 - 1630
  • Laurdagar:  10 - 1430
  • Påskeaftan:  10 - 1430
  • Helgedagane i påska:  10 - 1630

Nutte og Daffa ynskjer alle hjarteleg velkomne både til butikk og kafe.