Vi var så heldige at handballgruppa hadde bestemt at vi skulle få reise på cup til Stryn.

Dette var første turen på overnattingcup for alle spelarane. Det var derfor mange spente ungar før avreise.

 

Vi skulle reise frå Sæbø kl 17.00 fredagen, og kjøre om Volda, så vidare til Stryn.

Vi var 20 spelarar og 12 voksne som skulle overnatte på skule der inne.

 

Vi kom inn i 18.30 tida, og fekk tildelt klasserom på Tonning barneskule, eit klasserom til gutane, og eit til jentene.

Om kvelden hadde vi med eigen kveldsmat og laga til på klasserommet til alle sammen. 

003

 

Her er gjengen samla , nokre også i dei nye , fine t-skjortene vi fekk når vi kom.

Fredagskvelden gjekk med til å bli kjent på området, og var en tur i hallen for å sjå litt handballkampar. Vi skulle ikkje spele kampar før på laurdag.

005

118

 

Vi kosa oss på klasseromma om kvelden, før alle gjekk til ro på dei knirkande madrassene.

 

Laurdag sto vi opp ca 08.00, og skulle ete frokost felles med alle andre ca kl 09.00.

Alle var klar i speledraktene, då vi skulle spele 3 kampar kvar denne dagen.

159

Vi åt frokost og middag samla i den flotte kantina på Stryn vidargåande skule.

God mat begge dagane.

No var vi klare til å spele kampar.

Det var også ein del foreldre / søsken som hadde kome inn for å være heiagjeng, dette var stor stas syns vi. Nokre bodde på hytte, andre privat, så dei skulle heie på oss begge dagane.

Vi møtte lag som vi ikkje hadde spela mot før i serien, og det var ekstra spennande.

Det var KJEMPEINNSATS av alle spelarane på alle kampar.

Vi vann, tapte, og uavgjort... -å ingen sure miner.

012 

 

010

Etter alle kampane , shopping, leiking var vi klar for svømmehallen. Der skulle vi boltre oss med sklie, hopping m.m.

Dette var stor stas, og vi var der til alle var godt oppbløytte!

 

vår 2011 014

Det som også er veldig positivt med Stryn cup, er at alt er i gå avstand, så vi slepp å være avhengig av transport.

Vi var heldige å ha Per Ove Follestad som ypperlig sjåfør av IL bussen, TUSEN TAKK :)

Også takk til dei fire andre sjåførane som kjørte spelarar og leiarar innover.

Vi har også flinke trenarar som har stått på heile sesongen,

ei spesiell takk til Silje og Nina som har trena gutane i heile år, og hatt stor framgang med laget. Dei var også med til Stryn på tur.

 

No var vi svoltne etter ein dag full av aktivitetar, og skulle på resturant for å ete pizza og taco buffet.

 

109

 

Etterpå fekk alle is til dessert, å so var dei klar for discotek i hallen.

 

Alle var pynta å fekk være på disco til dei var utslitne.

Vi måtte prøve å legge oss i rimelig tid, då begge laga skulle stå opp kl 07.00, for å ete frokost, å spele kampar. 

Vi var friske å raske søndagsmorgen, sjølv etter ein maratondag laurdag.

Begge lag spelte to kampar søndagen, og vi kosa oss også ute mellom kampane.

 

131

Vi åt middag før vi vende nasa heimover, etter ei KJEMPETRIVELIG helg med ein heil gjeng flinke og flotte ungar. Desse kan vi være stolte av.

Her er gjengen som var på tur 

067

 

Jentelaget 10 år :

Ingalena S Ville, Gry Valseth, Madeleine Berg, Julie Å Sæbønes, Monica S Flatnes,

Ingeborg Holen, Thea Karoline Valseth, Amalie Aklestad, Elisabeth Å Dimmen.

Synne Walseth, Karoline Å Dimmen, Ingrid Elise Aklestad, Hanne Marie Aklestad,

Maria Norangshol.

 

vår 2011 011

Gutelaget 10 år :

Nina Hustad, Tor Eivind Follestad, Daniel Aanonsen, Marius Bjørkedal, Fredrik Mo,

Silje Riise, 

Markus Norangshol, Jo Martin Mo, Bjørn Ove Follestad, Kristian Lillebø, 

Sander Rem Haugen.

 

TAKK FOR EIN FLOTT SESONG, OG EIN KJEKK AVSLUTNINGSTUR :) 

-nokre var klar til Stryn allereie neste helg.... -men trur vi må vente til neste år :)

 

 

083

 

Sportsleg helsing

 

Elisabeth Å Dimmen    og Gerd Sofie Langvatn