Gjennom alle tider har folk i Hjørundfjorden og andre plassar sett figurar som liknar menneske og dyr i fjelltoppar og brear rund om kring. Dette har gitt folk vérteikn og gitt folk ein peikepinn på korleis vér og klima skal verte i den komande årstida.

Vi har hatt fleire innslag her på portalen om slike naturfenomen som  har kome att årviss. Per Urke hadde fleire artiklar om Skårakjerringa  og Knut Hustad skreiv om Holehunden som er fast å sjå for oss i Bondalen fram over forsommaren.

I Kvistaddalen har vi Kvistadkjerringane i lag med tindar som liknar eit mannshaud som det vart sagt at det likna Roald Amundsen.

I gamle dager hadde tindane i Kvistadkjerringae namna til konene som høyrde til på gardane på Kvistad. Dette var det sætretausene som hadde moro av å namnsette. Mange tykte dette var moro og andre ville ikkje høyre av det. På Skår vart nok desse tindane kalla Skåratindane.

Ein dag no på nyåret hadde Bente Skaar ei opprydding i gamle bilde og gledde seg over eit bilde som ho tok i påska midt på 90-talet, frå heimstaden sin på Skår. Med eitt oppdaga ho at der var eit mannshaud i fjella ovan for Sæbø. Dette tykte ho og systra Marit var skikkeleg artigt og vil gjerne vise det fram til oss på portalen.

Vår  eigen fjellmann i Hjørundfjordportalen, Knut Hustad, vart kontakta for å namnsette fjella. Sjå sjølv på bilde under, og gjerne klikk på det for å forstørre, om du kjenner att mannen:

 

Påskebilde-frå-Skår-midt-i-

Bilde er teke på Skår, kanskje påska 1995, av Bente Skår. Mannshaudet viser under pilen og når ein brukar fantasien så er det ikkje vanskeleg å sjå mannen, og studerer ein han skikkelg, så har han skjegg på haka og for meg minnar han om ein lokal person i bygda, utan eg torer å gå nærare inn på det :-)) 

Knut har kome til kva namna på fjella er: Høgre kinnbein  er Lynghalstinden. Det som lagar høgre auge er skuggen av Saudekråtinden - Og venstresida må vi vel over til Standal for å sjå.

Kanskje vi kunne ha fått fleire bilder av slike naturfenomen, for dette er lett og godt stoff når nyheitsbilde ellers er fullt av krig og elendigheit.

Takker Marit og Bente for bilde og deira bidrag.