Førebuinga til Marknaden begynner ofte like etter jul med dugnad for å samle inn og lage til premier men førstkomade laurdag er Laget klare til å arrangere Marknaden på Ungdomshuset Haukly.

I år har damene i strikkeklubben hatt mykje arbeid med å laga til kle til ei flott gutedukke og andre handarbeider som skal loddast ut.

Mange fine gevinster har folk frå bygda gitt, og mange firma har sponsa og gitt oss flotte premier i år som åra før.

Det blir som vanlig mange aktiviteter denne dagen som: Tombola, pilkast, ballkast på bokser ,lykkhjul og fiskedam .Så her verte det aktiviteter for store og små.

På luftgeværskytinga blir det vel som vanlig en hard konkurranse om å få mest poeng.

Håper mange nye storskyttera kjem og gir dei faste vinnarane hard konkurranse.

Du kan så klart slå av ein prat med kjente og kjøpe deg kaffi og anna godt på kjøkkenet.

Mykje godt serverer damene, så her skulle det vere litt for ein kvar smak.

Ta med dine venner på ein Bjørketur på laurdag og treff kjente.

Marknaden gjere det mulig for laget å drive med sine mange aktiviteter for barn og unge og den gir inntekt til drifta av ungdomshuset.

Laget takker alle som har støtta oss med gevinster til Marknaden.

Nå håper vi på at det blir fint ver i helga og at mange tek turen og besøker oss på Haukly.

Velkommen til Ungdomshuset.