Sunnmørsalpane er eit omgrep som vart innført då dei engelske fjellklatrarane  i siste halvdel av 1800-talet fann fram til tindane aust og vest for Hjørundfjorden.

Kjenneteiknet på eit alpelandskap er ei samling fjell med særleg dramatiske former; bratte veggar, egger, horn, tårn, piggar, sylar og nåler. Det er denne definisjonen Leiv Arne Grimstad og fotografen Gunnar Wangen legg til grunn i praktverket ”SunnmørsAlpane – Tindelandet.” (Vista forlag).

Det kan vere greitt å minne om denne definisjonen når ein ser at uttrykket Sunnmørsalpane vert brukt om dei avrunda fjellformene på indre del av Sunnmørsfjella.

Hans Strøm er den første som omtalar i skrift dei spesielle fjella ved Hjørundfjorden (1762) , men han brukar ikkje uttrykket alpar.  Vel 100 år seinare (1881) brukar  Emmanuel Mohn uttrykket ”Det søndmørske alpeparti” som han samanliknar med ein gotisk katedral. Og hovudskipet i denne naturkyrkja er Hjørundfjorden.  W.C. Slingsby og E.C. Oppenheim, begge engelskmenn,  er rause når dei omtalar fjell-landskapet på begge sider av Hjørundfjorden.

Kjent fjord 4

Kva høver betre enn eit foto frå lufta for å illustrere ein del av det området som fortener namnet ”Det sunnmørske alpelandskapet”?  Nærast ser vi kvitkledde Skårasalen . T.v. ligg Sæbø og Sæbøneset ved fjorden. Hjørundfjorden med sidegreina Norangsfjorden ligg i vinterfred.  Lekneset og Grøtet innover mot Urke er snøfritt alt no, medan elvedeltaet Urkebygda er snødekt. Bakteppet på denne scena er  toppane på austsida av Hjørundfjorden: Elsandtindane, Råna, Saksa, Regndalstindane (Smådalstindane), Brekketindane, Slogen og Stålberghornet – berre for å nemne nokre få.                                                              (Foto: Per Urke - 16.03.2011 kl. 13.10)

Sunnmørsalpane er innarbeid i omtalar frå Den Norske turistforening, Kristofer Randers og seinare litteratur om fjellområda på Nordvestlandet.  Leif Arne Grimstad held fast på at det ikkje er grunnar for å trekke nye grenser for Sunnmørsalpane. Det er tindelandskapet på austsida og på vestsida av Hjørundfjorden som fell inn under omgrepet. Med ein slik definisjon og  grenseoppgang kan ein seie at det er  dei fire kommunane Ørsta og Volda i vest og Sykkylven og Stranda i aust som ”eig” Sunnmørsalpane.