Det vart fleire turar før eg hadde med fotoapparat. Første gongen eg har bilete frå var Helga, kona mi med. Det var ein nydeleg oktoberdag i 1993. Vi gjekk opp Storenakkskogen, noko som er raskare enn den vanlege råsa over Storenakken, men ein bør vere godt kjend. No har forresten Gunnarråsa vorte eit godt alternativ. I alle høve på tøyamark.

Storenakkskogen 93

Her er Helga på veg opp snarvegen den nemde oktoberdagen i 1993

På Dalegubben 8-10-93

Helga på Dalegubben for første gong. Ho tykte at Skondalen var lang og bratt. Det er ho ikkje åleine om.

8-10-93

Men ned att gjekk det lystig, i alle fall første delen. Seinare ville ho at eg skulle gå frå henne for å rekke fjøsen, men kyrne fekk vente.

I bakgrunnen ser ein Dalegubben til høgre. Ikkje same reisninga som Slogen, men utsynet derifrå går  forbi sistnemde, etter mi meining.

24-3-2001

Når veret er trygt og det ikkje er rasfare er ein skitur til Dalegubben noko ein skientusiast bør få med seg. Her er Lars Petter Strandmann og Magne Riise akkurat komne gjennom Skondalskaret. 24.3. 2001. Hjørundfjorden med Jakta og Hornindalsrokken kan ein sjå i bakgrunnen.

Holmshornet, frå Dalegubben

Det som gjer turen til Dalegubben så flott, er snøbredane og dei kvasse tindane,( sjå Holmshornet til venstre), samt den flotte utsikta mot Sæbø og Hjørundfjorden. Paret på snøen var frå Herøy. 23. sept. 2001.

Dei har tenkt seg ned Høydalen

21-7-2004. Kva er det desse karane lurer på? Jau, 3 av dei lurer på å gå ned att Høydalen. Noke som eg sterkt frårådde. I bakgrunnen ser ein Holmshornet til venstre.  Over fjorden ser ein f. v. Elsanddalen og Maradalen.

DSC00040

"Peac of cake", sa dei og sette utfor. Det ser, om sant skal seiast, fint ut, men eg visste at det ikkje var så enkelt. Og eg fekk rett. Eg kan huske at eg ropte etter dei at eg tek eit bilete for å ha til dei pårørande. Heldigvis gjekk det ikkje troll i ord, men det var visst like før.

La oss slå det fast. Høydalen som veg ned frå Dalegubben er ikkje å anbefale!

Frå Dalegubben mot Kolåstinden

Ein augustkveld i 2009 skulle eg ein snartur oppå Storenakken, og enda på Dalegubben. Det er så lett å gløyme at ein ikkje er 20 år lenger når det er så fint fotover. Solnedgangen mot Kolåstinden medan skoddedyna tok til å legge seg gjorde at eg hala ut tida.

Frå Dalegubben 9-8-2009

No er det like før Både Nonshornet og Kolåstinden er påbreidde. Og det hastar å kome seg ned att før det mørknar. Det var blåbæra i Skondalen som berga meg.

Dalegubben aug.2010 020

Ein augustsøndag i sommar fekk eg lyst å gå på Dalegubben via Snakkarflåa att.

Den går bak Snakkaren frå høgste ryggen av Høgereset. Ein ser her starten.. Den ser smal ut, men er godt gåandes om ein er bra i høgda. Ein kan skimte Dalegubben med sol på.

Eg veit ikkje om det er berre inbilning, men ein er heilt oppunder sjølve Gubben etter kort tid om ein nyttar denne vegen.

Det einaste eg ikkje heilt likte var all steinen som hadde bomba flåa eit stykke oppi. Eg kan ikkje huske at det var slik sist eg gjekk der. Men det må vere om vinteren det har hendt. Eg kom no velberga opp.

Dalegubben aug.2010 024

Her ser ein Snakkarflåa ovanfrå, merka med raud strek. Klikk på biletet for å sjå markeringa.

Jarle Walseth og Knut Riise på Dalegubben aug. 20

Då eg kom opp fekk eg ei overrasking. Jarle og Jørund Walseth sat ved varden.

Jarle vart eg kjend med i 1954, då vi var 1. klassingar på Årskogskulen. Jarle er 14 dagar yngre enn meg.  Som sambygdingar treffast vi ofte, men det er første gongen at vi har møtt kvarandre i fjellet. Det var på tide! foto: Jørund.

Knut i Skondalskaret 23-02-2003

Her er underteikna i feb. i 2003. Det var ein kald tur med delvis skorpesnø.

Fæle greier, men ein gløymer slike vanskar fort. Det hadde vore kjekt med ein tur dit med randoneski. Det er langt enklare utstyr for gammalt folk.

Eg kjende eit snev av lyst for ei veke sidan då eg såg doktoren vår, Sjur Reinertsen gjekk som ei kule opp Skondalen. Det var sikkert kjekt nedatt.

I morgon, den 6. mars skal visst filmen som BBC har laga delvis med opptak frå Dalegubben visast. Det må ein få med seg!

Om du ser det programmet så kanskje forstår du som aldri har vore der betre kva eg har prøvd å fortelje deg i denne artikkelen?