Hønsehusomstilling 2011 011

Dag Egset har hatt det meste av byggjearbeidet for Kandal Bygg, som har hatt anbodet på byggjing av nytt gjødsellager og innreiing av det gamle, som no er teke inn i dyreromet.

Hønsehusomstilling 2011 017

Jonny Flatnes har hatt gravearbeidet og fylling av gamlelageret, samt utdraging av den gamle innreidinga.

Hønsehusomstilling 2011 022

Her er første rekka utdregen.

Hønsehusomstilling 2011 027

Siste rekke ut bakvegen.

Hønsehusomstilling 2011 024

Ca. 10 tonn hamna i 2 containerar. kr. 0,25 pr kg fekk vi,henta på Rise.

Hønsehusomstilling 2011 031

Men ikkje alle gearmotorane gjekk i containaren, kanskje treng du ein?

Hønsehusomstilling 2011 029

Her er Magne i gang med vasking. Mildveret kom som bestilt både til støyping  og vask.

sony  feb 11 001

Så kom 2 trailerar med deler til aviara. Alt er flatpakka og betydeleg verre å hanskast med enn ein kommode frå Ikea. Landmeco, eit dansk firma er leverandør.

hønsehusrehab 001

Her er Olav Bjarte i samtale med den danske montøren, Dennis Mobjerg. Monteringa av det første aviaret er så vidt igang.

hønsehusrehab 020

Noke av det einaste vi får bruke oppatt er liften som transporterer egga inn til pakkeromet. Men den måtte demonterast. Og her har vi god hjelp av Sverre Nupen, ein gamal arbeidskamerat frå tida mi på Bjørdalsmia.

hønsehusrehab 012

Kristoffer Valseth monterar ledlys under første aviaret.

Rekkefylgja i monteringa er det viktigaste og vert dirigert av den danske montøren. For alt passar som "skit i nysnø". Imponerande presisjon.

hønsehusrehab 021

Dei to sjefane Denis og Magne diskuterer framdrifta. Verpekassene har kome delvis på plass.

hønsehusrehab 023

Her ser vi mattene i verpereida. Dei hallar kvar sin veg, og det kvite imellom er bandet som dreg ut egga.

hønsehusrehab 025

Helga monterar gardin framfor verpereira. Dei vil ha det mørkt der dei verp.

Ho står oppå vaglelpinnane, og under ligg gjødselbanda som skal ta ut gjødselen. I tillegg vert det vagl og gjødselband over verpereira også.

hønsehusrehab 028

Her er Olav Bjarte i gang med å nivellere opp det andre aviaret. Asbjørn Hjorthaug er på besøk ogfår forklaring frå Kristoffer om gangen i arbeidet.

hønsehusrehab 030

Vi tok oss tid til laurdagsgraut og Marit Bjørgen sitt gulløp. F.v. Jarle, Olav Bjarte, Magne, Kristoffer og Helga.

Vi har teke oss kraftig frampå med monteringa, og manglar litt deler. Så det vart stort sett søndagsfri.

I morgon kjem Dennis Mobjerg attende frå Danmark. Då vert det sveising av gjødselband, montering av forkjeder og fullføring av diverse tekniske detaljar. Då vert det fleire bilete av korleis dyra vert stengde ute frå verpereira om natta og undersida av aviaret i den mest hektiske verpetida om morgonen. Dette for å unngå golvegg.

Men mykje står att og eg vil kome attende med påbygging av denne artikkelen eller ein ny. Etter planen kjem flokken på 6200 lohmann kvit i neste månadskifte.

--------------------------------------------------------------------------------------------

Mandag ettermiddag kom Dennis attende med fly til Hovden, og rett i jobb.

Det er lange dagar. Start presis kl 7. kaffi kl 10 og ein halvtimes middagspause kl 14. Så er det jobb til kl 19. Men det er interressant og variert arbeid. Og igjen, finishen og presisjonen til Landmeco er det berre å ta av seg hatten for.

Etter som eg forstår tok dei til å byggje aviar for 8 år sidan, men det var først for 3-4 år sidan det tok laust med salg til fleire land i Europa. Dei er 22 tilsette i bedrifta. Og det har nok vore mykje fintenkjing på detaljar før produktet vart slik det ser ut i dag.

Ombygging til 1. mars 009

Electroservice i Ørsta hadde installasjonen av det nybygde hønsehuset i 1999.

Difor var det naturleg at dei fekk jobben vidare. Då unngår ein at det vert skulda på dei "h......s klamphoggarane" som var her i 99.

Her er Magnar Bergheim frå Electroservice i diskusjon om samanbygging av automatikken med Dennis. Det hadde heilt sikkert vore enklare om alt var nybygg. Men eg er trygg på at dei får det ihop.

Ombygging til 1. mars 002

Her er Jarle igang med å montere ein av dei 6 motorane som skal dra forkjedene.

Ombygging til 1. mars 006

Dennis spolar inn gjødselband.

Magne og Dennis har brukt mykje av dagen til å få på plass gjødselbanda og sveise dei saman. I kvart aviar er det 3 gjødselband. Hønene er ikkje som folk. Dei skit mest der dei et og drikk. Det er ein fordel for den som skal drifte anlegget. Då vert det å køyre gjødselbanda 2 gonger pr veke og gjødselen dett ned på tverrbandet som ligg i grava ein kan sjå på biletet. Frå tverbandet går eit anna band som fører det ut i gjødsellageret.

Før hadde vi ei stor sentrifugalvifte som bles gjennom rør ned på gjødselbanda i kompaktbura for å tørke gjødselen. No er det hønene med sin aktivitet som skal ordne med tørkinga. Så eg vonar at dei som brukar å hente seg gjødsel hos oss skal finne den minst like turr som før. Vi får håpe at det slår til.

Ombygging til 1. mars 017

Magne punktsveiser siste gjødselbandet. Dennis rekna 6 timar på sveisinga, og det stemte godt.

Ombygging til 1. mars 027

Detaljane er mange, men ikkje like gode å få fram på bilete.

Då ein må rekne med at ein del egg vert lagde i aviaret, hallar dette utover. På dette biletet til venstre. Der er oppspent ein fjørbelasta Wire langs kanten. Dette for at egga ikkje skal rulle mot stålet og verte klinkegg. Over wiren langs kanten er eit tak. Sjå biletet på venstre sida. Dermed vert egga skjerma mot trakk og skit frå hønene, og røktaren kan gå med ei korg for å plukke dei inn.

I renna til høgre skal forkjeda gå.

Ombygging til 1. mars 029

Vi har valt å bruke dei gamle lysarmaturane. Dei hang ca. 1m ned frå taket.Då dei hadde enda som vagl i denne stillinga har Magnar Bergheim heva skinnene med armaturane på så høgt som råd. Det er meininga å sette inn dempbare ledpærer.

Mange tome pallar tyder på at mykje er gjort, men her er mykje lause ledningar og mange ukopla motorar att, og ein god del manglande deler kjem nok ikkje før i neste veke. Eg trur at vi kjem til å trenge tida som er att til fuglane kjem frå Oraug Kyllingoppdrett i Askim. Då er dei 16 veker og verpeklare. Så  får ein berre håpe på kyllingegg til påske.