Vi baska oss opp Skylstadbrekka ein sein søndagskveld under ein gneistrande stjernehimmel i 10-12 blågrader. Månen lyste opp toppen av Slogen, men lyset nådde aldri oss. Men, men, tenkte eg: av måneskin gror det ingenting. Patchell-hytta kjendest varm med ein gong vi kom inn, men synte seg i grunnen å vere heller kald. Derfor barrikaderte vi oss i peisestova og fyrte opp både det eine og det andre, før vi knalla i god von om at neste dag ville bli ein av desse dagane som ein ikkje gløymer. Neste dag gjekk reveljen kl. 8.00, og eg kan skrive under på at eg neppe kjem til gløyme det som venta oss dei neste seks timane! Kaldt, men klart, stigande sol og ikkje eit spor framfor oss opp mot Brekketindbreen. 

IMG_3310

Den halvdelen av tvillingparet som er fotograf, ville gjerne at vi skulle bruke litt ekstra tid på å gå ein omveg mot pinaklane vest for Søre Brekketind, slik at han kunne få eit teleskot frå breen i retning mot Slogen. Den andre halvdelen, som alltid er særs målmedviten, tveka. Sjølv tenkte at det var greitt med ein omveg, for vegen er alltid målet, sola skein og klokka var ikkje meir enn 10. Nedanfor ser de resultatet av omvegen, og eg ber dykk kike ekstra godt etter på fortoppen til høgre:

Brekketindane

Når vi no var ferdige med denne traurdige omvegen, kunne vi endeleg få litt vanleg skitur over Brekketindbreen, som er nesten heilt flat i topp-partiet, før ein møter ei nokså bratt renne som leier opp mot Nordskaret under toppen:

Brekketindane4

Snøkvaliteten var som ein forstår av bileta, topp for skikøyring, men heller ikkje denne gongen særleg veleigna for toppstøting i den bratte nordveggen. Pudder er ikkje like eigna til klatring som til køyring. Denne gongen hadde vi likevel sikra oss med å ta med eit tau og litt sikringar. Dermed baska vi oss på toppen, der utsikta såg slik ut denne fabelaktige februar-føremiddagen:

Brekketindane3

Takk for følget for denne gong.

Alle fotos, copyright: ev@frostmedia.no

Stig Helset