Om ikkje lenge skal Stortinget vedta ei ny landbruks- og matmelding. Denne meldinga vil legge sterke føringar for landbruket i Noreg i åra framover. Og ikkje nok med det - snart tek årets landbruksforhandlingar til. Kva vil skje der? Norges Bondelag ynskjer sjølvsagt å informere- og påverke politikarane - og resten av innbyggjarane - om situasjone til lanbruket i Noreg. I første omgang vert dette gjort ved hjelp av ein bodstikkestafett.
Det er mange fylker og mange kommuner i fedrelandet. Difor vert det brukt eit par bodstikker i kvart fylke for å rekke over alle kommuner før den store markeringa i Oslo som skal vere den 12. april. I dag starta bodstikkestafetten her i søre luten av fylket - nærare bestemt på meieriet i Ørsta.
Det var leiaren i Ørsta bondelag og leiaren for Samarbeidsutvalet for bondelaga i Ørsta, Geir Hole (t.h.) som starta bodstikkestafetten i den søre luten av fylket. Før han overrekte bodstikka til leiaren i Volda og Dalsfjorden bondelag, Erlend Koppen (t.v.), kom sjefen ved meieriet i Ørsta, Bente Reklev med ei hyggeleg og viktig helsing.
Norges bondelag ynskjer å få med seg lokale støttespelerar til denne stafetten - politikerane er sjølvsagt viktige, men evt. støtte frå folk frå næringslivet er kanskje minst like avgjerande. Bondelaga i Ørsta trong ikkje å leite lenge etter den personen dei ynskte godord med på vegen frå. Meieristyrar ved Tine Meieriet i Ørsta, Bente Reklev, kom med denne helsinga på bodstikka:
"Norsk landbruk er viktig for norsk matproduksjon, for bosetting og aktivitet over hele landet. Norsk meieriindustri er avhengig av norsk landbruk
Bente Reklev,
Meierisjef
Tine meieriet, Ørsta"
Bodstikka gjekk altså i dag vidare til Volda. I morgon vil Erlend Koppen, leiaren i Volda og Dalsfjord bondelag, overrekkje bodstikka til Rovde bondelag i Vanylven.
Fleire av oss fylgjer med på Finnmarksløpet på fjernsynet. Han som no leiar 1000-kilometeren er Roger Dahl, kamerat og tidlegare kollega av underskrivne. Roger har med seg bodstikka frå Tana til Kirkenes i hundesleden sin. Klikk her.
Viktige stikkord i bodstikkeaksjonen er:
- Auka mat- og energiproduksjon på norske ressursar
- Jordvernet må styrkast
- Landbruket må bli netto energileverandør innan 2030
- Auka lønsemd i landbruket slik at også rekrutteringa aukar.
- Auka inntekter og betre investeringspakkar.
Kommentarar
Slå samen gardene slik det var før teigdelinga.
Men då blir det nok styr.
6 garder blir 300 dekar som bør vere miste størrelse for rasjonell drift.
Man kan ikkje drive rasjonelt en gard på 50 dekar.
Realitetene er slik det må man berre godta.
Tveng ikkje folk til å kjøpe 50 mål for å leve av det.
Det går berre ikkje ann å bygge opp en slik gard frå grunnen når der ikkje er hus eller låve.
Aternativet er fritidstun/deltidsgardbrukera med jultredplanting og hjorteoppdrett ol.
Heilt nye måter å drive dei små gardene på.
Då treng man ikkje å kjøpe seg en gard for å bu på bygda der man har røtene sine..