Midt i ein diamant
Vi er kanskje litt tilbakehaldne når vi omtalar naturen som vi er så vande med å sjå rundt oss i det daglege. Mange meiner vi sit midt i ein diamant som ikkje treng meir sliping, men som må få opplevast av fleire.
Frå Stålberghornet ser vi nordover med Hjørundfjorden diagonalt. Urkebygda nærast med Saksa til bakteppe. Ferja går ut frå kaia på Leknes (tv.) og over til Sæbø.
Det har meir vekt når det er utanforståande som uttalar seg om den naturopplevinga ein kan få med seg her inne mellom fjella. Vi treng ikkje småmenne oss - gjere oss små/mindre enn det vi er.
Ein vegvisar for Urke
Vi har utvikla ein vegvisar / guide for Urkebygda og området rundt. Med stort frimod vil vi fortelje meir om bygda for gjester og turistar i tru om at ei vitjing kan bli meir triveleg og innhaldsrik.
Vi viser i innleiinga av Urke-guiden til informasjonskiosken som ein finn midt i bygda, på Brua-parken. Her er detaljopplysningar som delvis er omtalt i denne guiden og i tillegg fleire praktiske råd.
Midt i bygda, mellom Urke Landhandel og brua finn du Brua-parken.
Å finne fram på Hjørundfjordportalen
er enkelt. Vegvisaren finst berre på Portalen og er laga spesielt til denne nettstaden. Det vert kanskje små endringar i søkemåten og plassering av oppslagsord m.m. Men i utgangspunktet er det slik du gjer for å finne fram:
- Klikk på Tourist information som ligg øvst på sida på kvit bakgrunn. Du får då opp tysk og engelsk flagg. Etter kvart blir det kanskje plassert eit norsk flagg i same rekka.
- Sjå i venstre marg under Norsk og klikk på "Vi vitjar vakre Urke".
- Då har du tilgang på guiden som du "vandrar" nedover gjennom 19 tema som er illustrerte med foto, kart og teikningar.
Nokre eksempel frå ulike tema:
Ein tur til Stenes, tvers over fjorden, kan gi minne for livet. |
eller
Detaljkart viser aktuelle turar i nærområdet. |
eller
Dei sprekaste kan finne fram til Underverket |
eller
Eller kanskje er du interessert i å sjå inn i eit kvernhus? |
Vi håper at du vil hente fram Urke-guiden og få lyst til ein tur hit! Velkomne!
Kan hende er det nokon frå andre bygder som ønskjer å lage ein presentasjon av si bygd? På portalen er det nok rom for fleire. Administrator har vore til stor hjelp for å få Urke-guiden på plass. Det er sikkert hjelp å få for andre og.
Det er Urke Grendalag v/nestleiar Per Urke som er ansvarleg for innhaldet i Urke-guiden.
Kommentarar