7 mandagar har vi samla oss på Bondalseidet til skirenn og skileik. Forrige mandag var vi så heldige at vi fekk opna opp juniortrekket og kose oss på "nedover" ski. Men den dagen var desverre fotoapparatet heime.

CIMG1559
Torine brukar pappa Roy som hinder.

026
Gaute og Adrian i start området.

030
Her ser vi Karoline klar til avgang.

CIMG1562
Medan ungane kosa seg i bakken var det karabørs og kaffi i startområdet.

CIMG1563
Andreas får servert varm saft med Elisabeth.

CIMG1566
22 av 24 barn var tilstades i dag på siste skirenn og premieutdeling. Ein gjeng med glade og fornøgde ungar som har fått premiar.

Stor og flott pokal med inngravert Skirenn SIL 2011.

 

TK%20flaske,lue,hals
Og frå Telenor var det drikkeflaske, hue og buff i premie.

Tusen takk for kjempe kjekke mandagskveldar ilag på Bondalseidet. Håper at alle har hatt det kjekt sjølv om ikkje veret har vore på vår siden denne sesongen.

For Barneidretten Sæbø IL