Alle prestar er no tilsett som sokneprestar i Søre Sunnmøre prosti, men prestane har særskilt ansvar for kvar sine sokn.
Rolf Dyrhol er sokneprest i Søre Sunnmøre prosti, med særskilt ansvar for Hjørundfjord og Storfjord sokn.
Denne nye ordninga betyr at prosten kan bruke prestane over heile prostiet.
Prostiet er delt inn i samarbeidsområder. Ørsta og Volda er eit slikt samarbeidsområde og i praksis kan alle prestane veksle på å ha gudsteneste i dei åtte kyrkjene i desse to kommunane. Det vert likevel lagt vekt på at kyrkjelydane skal oppleve å ha sin faste prest.
Dei tre prestane i Ørsta kommune har kvar sine tenesteveker. I desse tenestevekene gjennomfører presten alle gravferder og vigsler i dei fire kyrkjene i kommunen. Kvar prest har slik tenesteveke kvar tredje veke.
Tidlegare hadde soknepresten kontor i bankbygget på Sæbø, men no deler han og kyrkejlydsekretæren kontorfellesskap med dei andre tilsette på kyrkjekontoret i Ørsta.
Soknepresten er til stades på Sæbø kvar torsdag kl. 13.00 - 15.00 for den som ønskjer å treffe han der. Det er laga til eit lite kontor i dåpssakrestiet i kyrkja.
Kontaktinformasjon:
Ørsta kyrkjekontor:
Adresse: Ørsta kyrkjekontor Vikegata 5 6150 Ørsta |
Telefon: 700 48640/ Fax:700 48641 E-post: postmottak@orsta.kyrkja.no |
Heimeside: www.ikyrkja.no
Rolf Låge Dyrhol, Tlf. 918 73 920
Sokneprest Hj.fjord. rodyrhol@online.no
Eldbjørg Tvergrov, Tlf:915 32 852
Sekretær Hj.fjord. eldbjorg.tvergrov@orsta.kyrkja.no
Gudrun Thokle, Tlf. 411 07 007
Diakon gudrun.thokle@orsta.kyrkja.no
Knut Stave, Tlf. 942 94 290
Diakon. knut.stave@orsta.kyrkja.no
Kommentarar