Vi hadde ein trivelig kveld . Silje Heltne som er fysioterapaut og osteopat var der og fortalde om krysstallsjuka som gir svimmelheit og ubehag ,om behandlingsmuligheitene for  denne sjukdommen  som mange  vert er råka av.

Etter på hadde vi kaffi og fine smørbrød og på sjølvast  morsdagen var der også fine kaker :) Vi lodda ut både blomar og twist.

Elles var det vanlige årsmøtesaker og valg .

Litt av arbeidet som Helselaget driv er : laurdagskafe på Hjørundfjorheimen ,arrangerer

elve- rampemarsj  ilag med trimgruppa, basar, gir babypakkar til nyfødde i bygda, blomar til nye

innflytta til bygda,blomar til dei som har mist sine nærmaste og blomar til dei over 80 til jul.

Vi har og støtta Demensaksjonen og AAN i Volda og Røykfri kampanje til skuleelevane.

Det nye styret er: Jannice Myklebust, Unni Strandemann,Gunnhild H Myrhol, AnnHelene Urkegjerde, Monica Eikrem(ny)  AnnHelene Gjøsdal (ny) og Marit Skår (ny)

VARA: Hege Pedersen, Haldis F Mo og Berit Urkegjerde.

Kom gjerne med tips til arbeid som HELESLAGET bør drive med.

På ingress bilde ser vi dei som gjekk ut av styret frå venstre Sigrun Hjellen , Ann Pauline Lyshagen og Elisabet Dimmen, Kolbrun Gunnarsdottir( var ikkje til stades) Fekk blomster for godt og flott arbeid som dei har gjort.

CIMG9746

HER STØTTA HELSELAGET UNGDOMSKULE ELEVANE MED MAT PÅ GREDAHUSET I HØVE

MUSIKKFRAMFØRINGA DEI SKA HA I KVELD. ELISABET DIMMEN OG KARIN FRØLAND SMØRER

 BAGUETTER OG SKJÆRE OPP FRUKT TIL GLADE OG BLIDE ELEVAR.

CIMG9747