Små og store tok turen til grendahuset laurdag, for å feire karneval. Dette har vorte ein årleg tradisjon, som særleg dei yngste set stor pris på. Mange hadde gledd seg lenge, og tenkt ut kva dei ville vere i år.
Hanne Marie dekorerer på gråpapir. Inni skal det vere snop, som fell ut når borna klarar å slå hol i "sekken". Kjempestas!
Oliver var sjølvaste Supermann på sitt første karneval. Som vi ser kledde han rolla godt, og kan nesten å fly også.
Stolleiken er alltid kjekt!
Slå! Slå! Katta ut av sekken! Born i skulealder på lang lang rekke, for å prøve å slå godteriet ut av "piñjataen".
Etterpå var det born under skulealder som fekk slå på sin "piñjata".
Instruksjon i "Macarena"-dans frå scena. Kjempeflinke!
Takk til alle som kom. Dette vart nok ei triveleg karnevalsfeiring!
Kommentarar