Generasjonskorpset har hatt ei roleg tid etter julemarknaden.

 Julemarknad 2010

Ingressfoto og foto over: Rune Mo                                                

Ein liten opptreden på sjukeheimen før adventskonserten i kyrkja 18. desember og så tok vi ein velfortent ferie.

Men no er det nytt år og nye moglegheiter. Oddhild har kjøpt inn nye notar og på Grendahuset øver vi på "Forelska i lærer'n" for tida.

http://www.youtube.com/watch?v=Q33jAFsst78

Dei eldste karane flirer, vi midt i mellom er tilbake på 80-talet og dei yngste synest den er ganske kul.

Vi har som mål å få den til å sitte skikkeleg til vi skal spele på helselagsbasaren 6. mars.

Til då skal vi også ha øvd inn Flåklypa-temaet. Satsar på at det går bra, sjølv om den har eit heftig tempo.

Med nyinnkjøpte trompetar til flinke musikantar reknar vi med at det vert god lyd.

trompet

Men vi er ikkje meir en 17 medlemar i korpset og har eit inderleg ønskje om at fleire skal kome på øvingane.

Vi driv på ein behageleg måte, musikken er tilpassa meistringsnivået og vi speler for andre dersom tid og stad passar for medlemane. Unntaka er sjøvsagt 17. mai og julemarknaden. Dei dagane speler vi.

Ta ein tur innom oss torsdagar kl. 19.00 - 21.00.

Kaffi

Kl. 20.00 kan du få deg ein god kopp kaffi og litt å bite i (også om du ikkje er der for å spele).

Velkomne!