Aldri var vel jentene vakrare enn dei som kom langveges ifrå for å arbeide på Gamleheimen på Sæbø. Fleire, om ikkje dei fleste, fekk seg hybel oppe på loftet til dette bygget, bygget som vart ein kjær bustad for mange gamle før dei anda ut.  I dag var det sjølve bygninga som anda ut, men fleire av dei vakre jentene/damene går mellom oss den dag i dag og har sett varige spor etter seg.

024b
Gamleheimen på Sæbø er her i ferd med å drage sitt siste sukk.  Men naboane kan straks gle seg over betre utsikt.

På midten av 80-talet fekk vi den nye- og moderne Hjørundfjordheimen og etter kvart vart pensjonærane ved Gamleheimen flytte over til den nye institusjonen.  Kva skulle skje med Gamleheimen no? Det var det fleire som undra seg på.  Mykje vart prøvd - meir eller mindre vellukka - og dei siste åra har Gamleheimen stått der meir eller mindre som eit spøkjelseshus.

For ei tid sidan fekk vi vite at Gamleheimen var seld.  Kva no?  Det viste seg at det var Inger Lise  Innerdal og Otto Lund som hadde kjøpt Gamleheimen med hud og hår.  Paret har nærast forelska seg i Sæbø og Hjørundfjorden og no vil dei bygge hus/fritidsbustad på tomta.

014b
Inger Lise Innerdal gler seg over at endeleg er ho og ektemannen Otto godt i gang med prosjektet sitt på Sæbø.

- Inger Lise, du ser no at bygget bak deg raskt vert jamna med jorda. Vil det seie at de startar med bygging av nytt hus allereie no i vår?

- Nei, så vel er det nok ikkje, men mykje er avklara allereie.  Naboane har reagert positivt og raskt på nabovarselet og ingen protesterte på at bygninga skulle jamnast med jorda og rivingsmaterialet skulle køyrast til godkjent mottaksplass.  Ørsta kommune har dessutan eit sterkt ynskje om at vi deler tomta i tre der vi altså skal ha den eine.  Det tek nok litt tid å få ordne opp i dette også, men sjølv om det nok ikkje vert bygging dette året så verkjer vi etter å kome i gang.  Vi gler oss stort, seier ho med eit stort smil.

Det er Strandmann Maskin som har teke på seg oppgåva med rivinga av Gamleheimen og det var sjefen sjølv, Lars Petter, som i dag sat bak spakane.

Under tek vi med nokre "rivingsfoto".

008b 003b
Før. (Måndag klokka 1100)                                      Etter. (Tysdag klokk 1430)

012b
Her har Lars Petter starta rivinga av eit bad.

019b 022b
På foto til høgre ser vi ein konsentrert Lars Petter Strandmann inne i gravemaskina.

004b
Snipp, snapp...