Vi startar med konklusjonen - underskrivne si personelge meining/erfaring:  Har du ein fridag eller to til overs og har tenkte deg på fjelltur - vent med å bruke fridagane. Over 6-700 meter over havet er snøen i sør- og vestsidene vindpakka og til dels lite triveleg. Det må kome meir nysnø før forholda vert optimale.
Nord- og austsidene av fjella er nok langt betre, men fleire stadar har det her gått flakskred og snøskredfaren er nok langt større her p.g.a. stor vindstransport av snø. Dessutan er det ikkje særleg med sol her.

 Klikk på fotoa for å få dei i stor versjon.  Alle foto:  Knut Hustad.

Seinast sist torsdag (3.2.11) snøa der her i Hjørundfjorden og vêrmeldingane for helga var svært så gode. Jakob (16) og eg bestemte oss difor for å prøve oss på Grøtdalstinden laurdag.  Men allereie oppe i Bjørndalen fekk vi erfare at vinden hadde vore sterkt i fjellet dagen før.

003b b b
Grøtdalstinden står opp..., ...tek mot sola og er klar.. ..for skikøyrarane.

Framsida/sørsida av Grøtdalstindane kan vere svært så lunefull.  Denne nedrensla er nok ei av dei mest vidgjetne på Sunnmøre, kanskje i store delar av landet, men mange skifolk har òg blitt skuffa.  Det er vind, sol - med fare for påfølgjande skorpelag - og snøskredfare som skaper problem.  Men er du heldig og treff tidspunktet med fast underlag og 20 - 30 cm laus nysnø, ja, då gløymer du aldri turen ned frå denne makelause toppen.

003b 007b
Denne dagen valde vi å gå opp Bjørndalen, dalen vest for fjellmassivet Grøtdalstindane.

På ski er det framleis mest vanleg å gå opp  sørvestryggen når du skal til Grøtdalstindane (søre- og midtre).  Minuset er at her kan det vere skredfare (over 30 grader bratt) og hardt (avblåst) underlag.   Av desse grunnane valde  Jakob/junior og eg å gå opp Bjørndalen, dalen vest for fjellmassivet Grøtdalstindane, laurdag.  Det er Frøland som er utgangspunktet også for denne turen, men gå etter setrevegen heilt til Frølandsheimsetra -  ca. 50 meter etter ny betongbru - og gå så opp til høgre gjennom skogen her.  Straks er du oppe i Bjørndalen.  Her går du vidare opp etter den midtre ryggen i dalen til eit flatare platå.  Du bryt no av til høgre og får dette flotte synet:

012 (2)b
Vakkert fjellparti.  Grøtdalstindane, alle tre, omtrent midt på biletet. Søre Grøtdalstind, dagens mål, lengst bak litt til høgre.

Klikkar du på fotoet over ser du at du kan gå nesten heilt til topps med ski på føtene, men på slutten vert den aktuelle renna bratt, sikkert rundt 40 grader.  Igjen på grunn av at vi var usikre på skredfaren gjekk Jakob og eg opp litt lenger til høgre (mot sør), sette frå oss skina rett under "klumpen" og gjekk på føtene til topps.  Rett under (Himmel-)Porten var det djup snø og dermed tungt å ta seg fram.  Siste delen til topps var mykje avblåst, men likevel ikkje skummelt hardt. 

Vi rann ned igjen på sørsida  - sjå dei tre første fotoa.  Føret ned til 6-700 meter var diverre som frykta, dvs. vindpakka.  Dette var Jakob sin første tur ned her, han får nok betre forhold ein annan gong. :).

Eg legg ved nokre foto.  Laurdag var det ein fantastisk dag i fjellet med klar sol heile dagen.  Ein vaksen mann lever lenge på ein slik dag.

015b
Kva heiter fjellet?  (Og svaret er Søre Blåtind.  Sørvest-veggen til venstre)

Vil du lese meir om ein tur opp sørvest-veggen av Søre Blåtind kan du klikke her.

020c
Dei fleste kjenenr seg vel att her.

025 027b
Til venstre er Jakob på veg gjennom Porten.  Til høgre utsikt framover Bondalen.

033b 035c
Første vintertur på Grøtdalstinden.  Ein vel halvstor måne er vitne.

040
Her ser vi m.a. Midtre Grøtdalstind (t.v.) og Nordre Grøtdalstind (t.h.).  Den dominerande tinden i bakgrunnen er sjølvsagt Kolåstinden.

Vil du lese meir om Midre Grøtdalstinden, klikk her. Vil du lese meir om Nordre Grøtdalstinden, klikk her.

Så er det på tide å vende nasa nedover igjen.  Først ned til skine, så ei triveleg matykt, så på med ski og klar for ei triveleg nedrensle sjølv om ho denne dagen ikkje er på sitt beste.

049b 055b
Og til høgre ser vi to herrer på ski.

067b
Kjekt, javisst, men vindpakka snø gjev lett sure lår.

Eit stykke ovanfor skoggrensa vart snøforholda langt betre.  Vinden hadde tydelegvis ikkje vore så sterk her.

077b 084b
I skogen flatar det ut, men triveleg likevel når føret er godt.

Tre personar kom opp etter oss, men rann ned att før vi kom ned frå toppen.  Eg veit ikkje kven dette var, men eg sikre meg i alle fall dette sporet til skisporsamlinga mi.

091b

Eg såg at ein person var på Keipen, nabofjellet i aust, på laurdag.  Mine velinformerte kjelder seier at dette var Håvard Myklebust.  Det hadde vore kjekt å få ein kommentar frå han om snøforholda der.  Og ikkje minst - kven er eigar av skisporet over?

Eg har fått vite om nokre andre som var på fjelltur på søndag/dagen etter.  Mi oppfatning er at søndag var det sterk vind i fjellet igjen.  Er det nokon som veit meir?  Kom gjerne med opplysningar/kommentar under.  Vi går mot vinterferie og mange er heilt sikkert interessert i informasjon om fjell, snø og snøforhold - og ikkje minst skredfare.