Etter ei vellukka jule og nyttårshelg starta Manuela Ritter kl.04 måndagsmorgonen frå Kvistad i Bondalen for å køyre  sine to gjestar frå Tyskland, til flyplassen på Vigra. Det var snøkave og vanskeleg sikt, så eit stopp for å gjere rein ruta måtte til, på den fine busstoppen til Tore Stokke på Stokke og eit stopp på busslomma ovanfor Svendsengarden  i Ørsta.

Manuela er tristare i dag enn ho ser ut-ho mista v

Manuela Ritter ved bilen. Her innføre på dørken stod veska. Det er pineleg at ho ikkje passa betre på den viktige eignedelen ho hadde, seier ho. Men no er alt bra, takk og være ein ærleg finnar.

Då ho kom til Festøya og skulle leite fram pengar til ferjebilett oppdaga ho at handveska hennar var vekk. Veska hadde stått i bildørken framom førarsete og innheld mykje personlege eignedelar som sertifikat, bankkort, fleire betalingskort, mobiltelefon, tysk passkort, hue og hanskar og eller ein del fast innhald som damevesker har. Handveska er ei stor skulderveske-type av stoff,  lys lerretsfarge med litt mørkare striper på. Veska må ha støytt utav bilen, enten på Stokke eller i Ørsta og sidan den var lys, vil nok ingen ha lagt merke til den i snøen og den er kanskje overkøyrt, for mobilen svarar ikkje på oppringing lenger.

Dei fleste ting er erstatteleg, men sertifikat såg ut som det store problemet å få tak i nytt, då tysk politi ikkje ville sende over bekreftelse til norske myndigheiter utan vidare, men forlangte at Manuela måtte kome til Tyskland.

Men etter avisa kom ut i dag morgon, ringte Ørsta lensmannkontor til Møre Nytt og fortalde at ein mann hadde funne veska og levert den på kontoret. Innhaldet var registrert og pengane opptalde.

Då Manuela fekk denne beskjeden i dag etter den dystre samtalen med tyske sertifikatmyndigheiter i Tyskland, vart ho mildt sagt hoppande glad.

Veska hadde ho mist på Stokke og Stig Stokke kom ned på vegen litt før kl. 7.00 og fann innhaldet spreidd  utover store delar av vegen. Med det same frykta han det hadde vore ei trafikkulukke. Stig skulle på arbeid og hadde dårleg tid og måtte berre samle saman det han fann i farta. At bilar kunne køyre forbi medan alt låg utover, forundra Stig mykje, då det lett kunne ha skjedd noko alvorleg.

Stig såg det var eit utenlandsk namn på kort og sertifikat, men kom ikkje i farta på kven det var, så han gjorde det rette ved å levere den inn til Lensmannen.

Då hjorundfjord.no snakka med Stig i stad, så vart han svært glad for å høyre at han hadde gjort ei velgjerning til ein frå bygda. Han håpar berre det at han hadde greidd å samle saman det viktigaste av innhaldet. Noko finnarløn er heilt uinteressant for han, det heile er berre kjekt å kunne hjelpe.

Manuela kan bekrefte at det aller viktigaste er kome til rette og ho er svært takksame for at ein slik ærleg mann kom til staden og berga veskeinnhaldet for ho. Manuela vil oppsøke Stig og takke han personleg ved høve.