Rune Mo er leiar for styret i Bondalen Grendahus og har siste tida vore bekymra for vekta på taket. Taket er dimensjonert til å tole ei vekt på 250 kilo pr. kvadratmeter, men like før helga rekna Kenneth Myrhol ut at vekta var 270 kilo pr. m2. I fjor vinter fekk taket kostbare skader og med dette i minne, i tillegg til at www.yr.no melde meir snø mot slutten av helga, mobiliserte Rune til dugnad laurdag 8. januar.

Det er alltid spennande å sjå om folk møter til slike dugnader.

Denne helga inviterte han også ungdomar, med lovnad om at dei skulle få gratis inngangsbillett til neste LAN-party som vert arrangert på grendehuset.

Is

Rune var på plass med nyinnkjøpte snøbrett kl. 10.00 og ganske raskt dukka der opp den eine ungdomen etter den andre, alle med spader og/eller snøbrett. Heile 12 ungdomar frå ungdomsskulen og vidaregåande skule stilte på dugnaden. Dei fleste av dei hadde vore på nyttårsball på skulen fredag kveld, men laurdag var dei klar.

Unge dugnadskrefter

Glenn Robin Hustad, Sindre Brautaset og Sondre Kristoffer Mo.

Gjengen på 12 fekk etter kvart hjelp av mange vaksne, men ingen skal vere i tvil om at desse gjorde ein vaksen innsats dei og.

Snøfres på taket...

Etter vel ein time kom der også ein snøfres opp på taket, løfta opp med lesseapparatet på ein traktor. Kreativiteten er stor når arbeidet er tungt.

Snøsprut

Snøfresaren fungerte godt ute på kantane, men 3 - 4 meter inne på taket vart han ikkje like effektiv, då han ikkje fekk kasta snøen ut av taket. Men alle monar dreg.

 Takdugnad

Folksamt på grendehustaket.

Til høgre på taket ser vi ein liten bit av ein blå presenning. Anders Hustadnes prøvde ut ein god idé. Eit stort stykkje glatt plast vart lagt utover nedste del av taket til høgre i biletet. Snøen dei spadde vekk vart kasta bort på presenningen og rann derifrå fint ned av taket. Utruleg arbeidssparande.

Det kom forslag om å dekke heile taket med slik presenning kvar haust, men Rune Mo hadde lita tru på at den vil kunne halde seg i ro på taket gjennom hauststormane... 

Dugnadsgjeng

Det gjorde godt med ein matpause etter timar med tungt arbeid.

Dugnadsgjeng

Martin Dimmen, Jørgen Andreas Mo, Jørund Mo, Lars Petter Strandmann, Hallvar Mo, Svein Tore Geitvik, Nina Hustad, Trygve Geitvik, Glenn Robin Hustad, Eivind Dimmen og Sondre Rem Brautaset (med ryggen til). 

Rune Mo

Rune Mo og Torbjørn Geitvik frå Ørsta (!) forsyner seg med dugnadsmat.

Pølser med brød, vafler, saft og kaffi til svoltne arbeidsfolk.

Damer frå generasjonskorpset hadde kjøkenteneste.

Dugnadsgjeng

Andre bordsetting.

Teamarbeid

Ungdomane kan meir enn å spele dataspel. Her er det teamarbeid og problemløysing på høgt plan.

Imponerande innsats frå oppveksande generasjon.

Ungdomar i sving

Tunge tak på grendehustaket.

Baksida

Baksida av taket måtte også mokast.

Takras

Store snømengder flytta frå tak til bakken nedafor. Å få vekk dette vart arbeid for ein kraftig traktor. 

Takras

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Oi, ikkje heilt trygt å bevege seg ut av huset...

Etter tre og ein halv time var snøen vekke og ein liten gjeng reiste vidare til Sæbø klubbhus for å rydde snø av taket der.

Klubbhustaket

Det er tungt å moke snø, så dei fekk ikkje gjort så mykje som dei hadde tenkt. Snømengda der var vel heller ikkje heilt den same som lenger framme i dalen, 

Takstøtter

men dersom det kjem meir snø oppå den gamle er i alle fall støttene på plass inne i salen på klubbhuset. Det sytte Rune Mo og Øyvind Taklo for.