Klikk på fotoa for å få dei i stor versjon.  Tekst og foto:  Knut Hustad

Den siste veka har det vore svært vanskeleg å ferdast etter riksveg/fylkesveg 655 her i Bondalen både for gåande og køyrande.  Men ut på kvelden laurdag(!) dukka endeleg vegskrapa opp og mesteparten av både is og slaps vart fjerna og nesten alt vart ”så meget bedre”. Det einaste problemet som stod att var mykje vatn i vegbana – særleg på Sæbø.  Det er ikkje så kjekt å verte overspruta med vatn frå bilane så for dei som var ute og gjekk søndag var det nok tryggast å ferdast etter fortauet.  Eller…?

007b 018b
019b 022b

No var underskrivne meir og mindre tilfeldig på staden med fotoapparatet og ja, det vart sagt nokre mindre pene glosar.  Av den grunn ynskjer spesielt føraren av bilen å vere anonym, noko vi sjølvsagt respekterer.  Det må likevel strekast under at partane etter kvart vart vel forlikte, utruleg nok – og det utan at den myndige sorenskrivaren og tingrettsdommaren Ingolv Joa, måtte tilkallast.