Klikk på fotoa for å få dei i stor versjon. Tekst og foto: Knut Hustad
Den siste veka har det vore svært vanskeleg å ferdast etter riksveg/fylkesveg 655 her i Bondalen både for gåande og køyrande. Men ut på kvelden laurdag(!) dukka endeleg vegskrapa opp og mesteparten av både is og slaps vart fjerna og nesten alt vart ”så meget bedre”. Det einaste problemet som stod att var mykje vatn i vegbana – særleg på Sæbø. Det er ikkje så kjekt å verte overspruta med vatn frå bilane så for dei som var ute og gjekk søndag var det nok tryggast å ferdast etter fortauet. Eller…?
No var underskrivne meir og mindre tilfeldig på staden med fotoapparatet og ja, det vart sagt nokre mindre pene glosar. Av den grunn ynskjer spesielt føraren av bilen å vere anonym, noko vi sjølvsagt respekterer. Det må likevel strekast under at partane etter kvart vart vel forlikte, utruleg nok – og det utan at den myndige sorenskrivaren og tingrettsdommaren Ingolv Joa, måtte tilkallast.
Enig Karin.. (02.02.2011 kl. 14:25)
Enten fotografen har vore på rett plass til rett tid eller det er arrangert, så er det nokre utrulege bilder. Det er ikkje kvar dag vi kan skilte med slike bilder. Der er sikkert gode søyler endå på Sæbø, så det er god anledning å prøve for kven som helst. Å skaffe bil og sjåfør, trur eg ikkje er problem, heller ikkje ein med kamera, men den som skal gå på fortauet er vel verre å finne...:))
Ivar Svein Mo
Tausheitsplikt ej. (02.02.2011 kl. 13:51)
Frå min munn kjem ingenting, det var no ein flott reportasje synst eg.
Karin Flatnes
Lureri? (02.02.2011 kl. 11:49)
Er det slik å forstå at du har vitne på at vi er utsett for eit lureri her Karin?
Ivar Svein Mo
Arangert. (01.02.2011 kl. 14:20)
Siste nye er at de var arangert, der er mange hus med vindu bort i denne gata, haha !!
Karin Flatnes
Korrekt... (31.01.2011 kl. 11:11)
fotografen fekk ein del, han også. :)
Knut Hustad
Fotografen (31.01.2011 kl. 07:57)
Ut fra bildevinkelen kan det se ut som om fotografen også sto utsatt til...
Svein Myhre
Blinkskudd! (28.01.2011 kl. 11:29)
Dette er det man kaller blinkskudd.
Dette bilde kan man bære mye frukter av..... på alle måter.
Kjartan Alnes
Anonym? (28.01.2011 kl. 11:17)
I ei slik bilbøllesak burde ikkje føraren få være anonym! Stakkars dame!
Håper Guttorm og karane les portal og dømmer han til eit liv på sjøen, der sjøsprøyt høyrer heime :-((
Ivar Svein Mo