På ein av turane mine til Storetinden sist sommar såg eg at den største boka var utskriven og den litle kladdeblokka som låg ved også burde skiftast ut. Bøkene var våte og var i oppløysing. Den største boka er lagt ut av Søre Sunnmøre Turlag i 1991, den andre er også lagt ut dette året men syner ikkje kven som har lagt den ut anna enn fyrste namnet som er skreve i boka. I oktober var eg igjen på “tinden” i lag med vener og med ny bok i sekken. Eg tok med “gamle” bøkene heim til Austefjorden, her er dei til oppbevaring. Eg ynskjer at dei som den gongen la bøkene i varden skal få dei att. Eg håpar at ein eller annen som les dette kan gje meg opplysningar om dei som har lagt ut bøkene.
Storetinden (Juratind) 1408
Storetinden har som mange andre toppar rundt omkring i Sunnmørsalpane bok som ligg på toppen. Kven som legg ut desse bøkene kan vere privat personar, turlag, idrettslag ol.
Lagt inn av
Hildegunn Mork
28.01.2011 23:06
28.01.2011 23:06
Stikkord
Stikkord gjer det lettare å finne fram til stoff som er i ditt interesseområde. Du kan trykkje på eit stikkord for å få fram innlegg som liknar på dette.
Kommentarar
Trimgruppa i Åmdal IL har planar om å sette opp trimpostbøker til våren, deriblant på Storetinden, Lissjetinden, Grøthornet og resten av fjella rundt Bjørdalen/Kvanndalen :)
Astrid Bjørdal
Eg veit ikkje kven som har lagt ut boka, men tenkte at kansje det ville vere aktuellt for trimgruppa og sette opp boks der med ei bok i, kan ta det opp på neste møte (27.02)
Bodil Skare