SKIRENN PÅ BONDALSEIDET, TELENOR KARUSELLEN

Også i år skal Barneidretten arrangere 6 skirenn for barn (og foreldre) på Bondalseidet. Vi møtast kvar mandag frå og med mandag 10. januar til 14. februar i tidsrommet mellom kl. 18.30 og 20.00. Målgruppe er alle barn i Sæbø barnehage/ skulekrets som ynskjer å gå på ski, inga nedre eller øvre aldersgrense, men borna må gå på ski.

I start/ mål området vert det utdeling av startnummer og saft. Det er ikkje tidtaking og heller ikkje krav om kor langt ein skal gå. Det viktigaste er at ein kjem seg ut på ski og har det kjekt i lag. Mandag er ”kviledag” på Bondalseidet, det er ikkje anna aktivitet så vi har parkering og løype stort sett for oss sjølve. Det vert difor ikkje trakka løype på mandagar, så dersom stort snøfall på ein mandag kan vi risikere litt dårlege løyper. Men det hindrar ikkje oss!!

 

Siste skirenn vert mandag 14. februar, det vert då premieutdeling i målområdet.

For å få premie må det betalast inn ein deltakarkontigent på kr. 150,- pr pers til kontonr. 3993.40.00386 innan 31.januar 2010. Betalinga må merkast med namn til den/ dei som skal ha premie. Pokalar vert bestilt etter desse innbetalingane.

Det vert lik pokal til alle uavhengig av kor mange gongar ein deltek, men vi håpar at flest mogleg vil delta på alle 6 renna. Alle vil også få ein premie frå Telenor.

 IMG_0248

 

For Barneidretten Sæbø IL

Siw Bjørdal Lillebø

- skrivar-